nrk.no
Dutty Dior - «Det er mindre ensomt alene»

Trap bangers og easy listening

Dutty Dior er villig til å ta uttrykket i fleire retningar, men mister ikkje tråden.

Det har gått tre år sidan monsterhiten «Hallo» nær sagt vart lydsporet til sommaren 2019, og medan samarbeidspartnaren Isah har blitt eit godt etablert namn, har det gått treigare for Dutty Dior.

Kanskje vart han ikkje ståande igjen på perrongen, men låten skapte eit moment det var vanskeleg å halde på.

Det vil det også vere urettferdig å laste Dutty Dior for i særleg grad, dei siste åra tatt i betraktning.

Talentet var det uansett aldri tvil om, og ein handfull mixtapes, minialbum og samarbeid med norsk rap-elite seinare, er han omsider klar for å ta igjen det tapte med hans første ordentlege fullengder, «Det er mindre ensomt alene».

Klarer å halde fokus

Dei av oss med eit brennande behov for å finne ut nøyaktig kvar i krysningspunktet mellom rappar og songar det er korrekt å plassere artistar som Dutty Dior, får ikkje nødvendigvis svaret av «Det er mindre ensomt alene».

Han nektar å halde seg til eitt sound, Dutty.

For medan albumet går vidare inn i, og dyrkar, det akustiske lydbiletet han viste m.a. med «Kald djevel» i 2019 og albumsingelen «Rett eller galt», er det også via nok av tid og rom til 808-bass og meir klassiske rap-produksjonar, som på «Hvor er du nå».

Dutty Dior står på scenen mens vi ser publikum sine bakhoder. Han lener seg fremover med mikrofonen i hånden. Han holder mikrofonstativet i den andre hånden.
DYKTIG: Talentet til Dutty Dior har det aldri vore nokon tvil om. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

To stiar som i grunn går i kvar sin retning. Men den melodiøse sjangertilnærminga til Dutty Dior samlar trådane og sørgar for at nedpå, atmosfæriske viben står i høgsetet same uansett uttrykk. Bra, for vi skal i eit par ulike retningar.

Medan det elektroniske soundet nok er det som sikrar relevansen for scena og den komande festivalsesongen, er det den meir organiske halvparten som i hovudsak gir albumet karakter og eigenart.

Gjesta av tungvektarar, men vel så god aleine

Det er usikkert om den sjangermessige assosiasjonsleiken er tilsikta, men medan «Rett eller galt» har eit preg av psykedelisk pop, sender det tilbakelente og lett jazza Chirag-samarbeidet «Farger» tankane til «Sunrise» av Norah Jones.

Om sjangeren easy listening-rap ikkje allereie eksisterer, er eg ganske sikker på at Dutty og Chirag har skapt den.

På den soundmessig heilt andre sida av albumet bidreg Arif til eitt av albumets høgdepunkt i «Søvnløs i Shibuya». Den melodiøse hyllesta til surrete og seine kveldar har eit nesten irriterande fengande refreng, og står godt i rolla som albumets store banger.

Det er stas å kunne skilte med slike features, men Dutty viser også kva han er god for på eiga hand når han manar fram fleire slike levande netter på drum’n’bass-låten «Drum’n’basic bitches».

Dutty Dior står med en mikrofon inntil munnen, og har på seg en svart hettegenser. I bakgrunnen er det rødt-neonlys.
FLEIRSIDIG: Dutty Dior viser fleire musikalske sider på «Det er mindre ensomt alene». Her er han på scena under Bylarm i 2020. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Sjølv i eit mylder av preferansar skal det ganske mykje motvilje til for å stille seg utprega negativ til noko av det som skjer på «Det er mindre ensomt alene». Albumet stiller få krav til lyttaren, og det er i og for seg fint, men i mangelen på motstand er det tidvis også lett å bli litt likegyldig.

Enkeltspor som «Det er her det skjer», «La meg dø sånn» og «Chili» har lett for å forsvinne litt i mengda, og må ta rolla som mellomspor blant sterkare hooks og meir interessante produksjonar.

Heilt ålreite låtar i albumsamanhengen, men kjem til kort samanlikna med det som omgir dei. Når rekneskapen skal gjerast opp er «Det er mindre ensomt alene» derfor enklare å hugse for kor fine dei høgste toppane er enn for heile reisa.

Meir enn godt nok for mange

Når det er sagt, er det lite å utsette på måten Dutty Dior gjer det på når han for alvor skal ut og markere seg som eigenrådig artist.

Han kunne spelt det langt tryggare enn dette, og medan albumet landar langt innanfor grensa for kva som er lettfordøyeleg, står ikkje det i vegen for at han posisjonerer seg som både svolten og musikalsk progressiv.

For mange er det truleg meir enn nok med lettfordøyeleg, og tidvis vakker, melodiøs rap når dei skal sette lydspor til sommaren, og dei får servert akkurat som bestilt. Det er eit publikum Dutty ikkje burde slite med å nå, og sett gjennom dei brillene er «Det er mindre ensomt alene» heilt strålande.

LES FLEIRE MUSIKKANMELDELSAR:

LES MEIR OM MUSIKK: