nrk.no

Slik øver norske soldatar på møte med fienden

Helene (22) har ansvar for alt under skyting og Tobias (22) ladar granatar ved fronten. Slik øver dei på møtet med fienden.

A7S08626_3

Helene (22) har ansvar for alt under skyting.

A7S08438

Tobias (22) ladar granatar ved fronten.

A7S08769_scroll

Slik øver Hæren på møte med fienden.

Laserkrig i Indre Troms

For første gong på tre år var heile Brigade Nord samla i Indre Troms. Over tre tusen soldatar skal vere med på øvinga Arctic Bolt.

Brigade Nord er sett saman av fleire bataljonar med ulike ferdigheiter og er den største avdelinga i Hæren.

Blir det krig, skal dei forsvare oss.

Men korleis øver dei på det?

Laserkrig

For å gjere øvinga så realistisk som mogleg brukar militæret laser og sensor når dei trenar.

Nærbilde av ein brun militærvest som heng over ryggen på ein stol. Vesten har fleire runde, svarte sensorar festa på på seg. Dei ser ut som små auge. I bakgrunnen står personar kledd i militærbukser og skjorter.

Denne vesten gir beskjed om du har treft blink, er kritisk skada eller i verste fall død.

Dei små, runde «auga» er sensorar og reagerer på laserskot frå fienden.

På vogner og våpen ser sensoren ut som blå speglar.

Nærbilde av ein kanon på taket av ei stridsvogn. Rundt kanonen er det festa svarte boksar, linser og prismer. Boksane har blått glass. Dette er sensoarar og laser. Ein grå presenning ligg rundt kanonen. Teksturen er ruglete og kan minne om mose. I bakgrunnen er fjellet dekt av eit lett lag snø. Himmelen er lys.

Blir vogna, våpenet eller vesten din treft gir, ei vennleg, robotaktig kvinnestemme beskjed om kva tilstand du er i over ein liten høgtalar.

Det er så nærme eit laserspel du kan kome.

Ny vogn

Helene (22) er kanonkommandør i Artilleribataljonen.

Ho er sjef for alt under skyting.

– Går noko gale, er det min feil, konstaterer ho.

Ei ung kvinne hukar seg ned i eit trongt rom. Lyset er grelt og det er ganske mørkt. Dette er innsida av ei K9-vogn. Kvinna smiler rett i kamera. Ei flette i brunt hår stikk fram under den svarte hua og legg seg over skuldra. Det er festa ei sløyfe i fletta. Ho har på seg ei grøn militærjakke med eit norsk flagg på armen og ein brun vest med fleire lommer. Ein papirbrett og ei verktøy i metall stikker fram mellom lommene. På benken bak kvinna ligg det fleire brune vestar på ein benk.

Det er mykje ansvar, men Helene likar det. Ho gjekk vidare på lagførarskulen etter førstegongstenesta og er profesjonell soldat.

Jobben handlar om å trene crewet så dei blir gode.

Som ein del av Artilleribataljonen er oppgåva å hjelpe soldatar lenger framme i striden.

Kanonen på taket skyt langt og kan gjere stor skade på fienden.

Slik kan fronten bevege seg framover.

Ved bruk av laser har Helene og laget hennar til no treft tre av fire mål.

– Viss nokon har skote på oss, er det sensorar på køyretøyet som gir beskjed, forklarar Helene.

Så langt i øvinga har ikkje det skjedd.

Vesten med sensor tar ho på seg når ho går ut av vogna eller står i luka på taket når dei køyrer.

Det er mørkt og konturane av ei stridsvogn og eit kanonløp er så vidt synleg. På taket av vogna lyser det svakt i eit grønt lys og silhuetten av ein soldat som stikk opp av taket, kjem til syne. Vogna er dekt av ein kvit, ruglete duk. På bakken er det snø og stjerner funklar på ein mørkeblå himmel. Det er vinter.

I dei nye K9-vognene er alt automatisert. Granaten dett ned, litt som i ei brusmaskin, og ein mekanisert arm tar imot og lastar opp.

Dei gamle vognene er sende til Ukraina.

Bur oppå kvarandre

Til saman er dei fem personar i vogna. Alle har ulike oppgåver.

Vognførar er sjåfør, rettar sørger for at kanonen står i riktig retning, ladar får granaten på plass, og skyttar plasserer posen med krut bak granaten og trykker på knappen ved signal.

Dei har allereie vore ute på øving i ei veke og budd oppå kvarandre døgnet rundt.

– Vi må ha tydelege reglar for kva vi kan tulle med og ikkje. Elles kan vi fort bli irriterte på kvarandre, seier Helene.

To unge kvinner og ein ung mann sit på huk i eit trongt rom. Dei har grøne militærjakker på seg og huer i ull. Alle smiler og ser i kamera. Den unge kvinna til venstre og den unge mannen til høgre har på seg brune militærvestar. Kanten av taket over dei, buar seg. Veggane er er i grått metall. Det er som om dei sit inni eit maskineri. Over hovudet deira er det eit handtak som stikk ut.

Som regel søv dei på golvet, men slår opp telt utanfor viss dei har tid til meir kvile. Det hender vognføraren krøllar seg saman i setet og søv når dei andre skyt.

På menyen står turmat og nøtter. Mobil og internett er bytt ut med kort og bøker.

Ute er det mørkt og minus ti grader. Inne er lyset grelt.

Det luktar diesel og fukt.

Når fronten har gjort sitt, følgjer artilleri etter. I natt skal dei køyre mot ny posisjon i fjellområdet Mauken.

Høgare beredskap

Russland sin krig mot Ukraina har sett Noreg og resten av Europa i ein alvorleg sikkerheitssituasjon.

I oktober 2022 blei beredskapsnivået justert opp.

Forsvaret gjekk over i ein ny fase.

Ei stridsvogn køyrer på ein grusveg midt i eit spektakulært vinterlandskap. Det stikk to personar opp av taket. Lyset er i ferd med å forsvinne og himmelen er blå og rosa. På bakken ligg det litt snø og is, ellers er bakken brun og steinete. I bakgrunnen stikk det opp kvite fjelltoppar.

Øvingar som Arctic Bolt skal styrke evna til å forsvare landet og på den måten heve beredskapen.

Soldatane skal handtere mørke, kulde og stillstand i tronge rom tett på andre og med lite søvn – for så å plutseleg å vere i full beredskap.

Dei kallar det «å skru på brytaren».

I eitt med naturen

Den kvite teltduken imiterer snøen som dekker bakken og gjer det vanskeleg å få auge på den vesle landsbyen av grøne telt.

Skog og trær utan blader omsluttar  ein parkeringplass. På bakken er det snø. To personar kjem gåande over plassen. Dei er eit godt stykke unna. Bak dei, dekker ein kvit presenning ei klynge med grøne telt. Det står eit par bilar parkert til venstre i bildet. Til høgre i bildet er det slått opp små grøne telt. Utanfor telta ligg det brune sekkar i små haugar.

Eit slusesystem kontrollerer alle som går inn og ut.

Her på kommandoplass sit brigadesjefen saman med eit heilt lag av personar som koordinerer og planlegg operasjonen.

Rundt bordet er det trongt om plassen, og alle jobbar intenst på kvar sin PC.

Lufta er tett. Om det er morgon, kveld eller natt er ikkje viktig.

All kommunikasjon føregår på engelsk. Fordi Brigade Nord samarbeider med allierte, gjer språket det lett å hekte seg på eit anna land eller omvendt.

Del av noko større

Nedanfor kommandoplass står Tobias (22). Han er ladar på ei Leopard-stridsvogn i Telemark bataljon.

Ein ung mann står oppå eit panser. Han har armane på ryggen og smiler ned mot kamera. Han har på seg ei grøn hue og jakke. Buksene er kvite, men skitne. Rundet det eine låret er det festa ein brun stropp som går til eit våpenhylster. Panseret han står på er dekt av eit grønt, ruglete nett med kvite detaljar. Eit kanonløp går ut frå eit lite rundt hus på toppen avpanseret. Himmelen er blå, men dei rosa skyene vitnar om solnedgang.

Planen var eigentleg å bli skodespelar, men han likte rammene, strukturen og samhaldet som møtte han i førstegongstenesta.

– Eg likar tanken på å vere del av noko større, svarar Tobias på spørsmål om kva som motiverer han.

Profilen av ein mann som smiler og rekker fram handa som om han skal helse på nokon. Ei unge kvinne står  med handa i lomma ler medan ho ser bort på nokon utanfor bildet. Det er god stemning. Begge er kledde i militærklede. Og begge har våpen stropp festa rundt det eine låret med tilhøyrande våpenhylster. I bakgrunnen står det telt og kontainer. Løpet av ein kanon går over hovudet på dei to personane i bildet. Kanonløpet er dekt av det same ruglete, kvite og grøne nettet. Det er litt is på bakken.

Han ville teste om han var sterk nok til å bli med i Telemarksbataljonen.

Det var han.

Dette er ei rein kampavdeling som kjempar fremst i rekka.

Ved fronten.

Oppgåva er å slå ut fienden, eller halde han i sjakk.

Jobben handlar om alltid å vere klar til strid skulle det skje noko i Noreg eller eit anna Nato-land.

– Krig er forferdeleg, men blir det nødvendig, stiller vi opp, seier Tobias.

Medan han og kollegaene ventar på å ta over fronten, trenar dei eller får seg ein matbit.

Ei grøn varevogn står oppstilt på ein parkeringsplass. Over frontruta står det skrive "kantinevogn" med kvite trykkbokstavar. Ei luke står open på den eine langsida til bilen. Foran luka har det danna seg ei kø av soldatar. På bakken er det is. I bakgrunnen står stidsvogner stilt opp og det er soldatar som går på taket. Litt skog og fjell i horisonten. Himmelen er blå med litt rosa skyer.

Spelet

Ved den fiktive fronten føregår det eit rollespel.

Fienden har tatt kontroll over Bardufoss, men det ser mørkt ut.

Ein motorveg delar bildet i to. Landskapet er brunt og steinete, og dekka av eit tynt lag snø. Berg og stein kjem til syne i det som liknar på eit brunt arr etter då vegen blei gravd fram. På vegen køyrer tre stidsvogner etter kvarandre.

På bakken ligg det ein såra soldat. Sjølv om dette er fienden, blir tilstanden undersøkt.

Ein soldat med eit maskingevær i den eine handa har lagt den andre handa på skuldra til ein soldat som sit på bakken. Soldaten på bakken blir holdt igjen. Rundt låret er det festa ein svart stropp og soldaten held seg til låret. Blikket til soldaten er tomt og ho stirrar rett ut i lufta. Soldaten som held igjen knelar på bakken, men verkar vere på veg ein stad. Det er som som han ser ut av bildet der han er opptatt med noko anna. I bakgrunnen står tre stridsvogner stilt opp.

Soldatane sjekkar vogna for fiendar.

Tre soldatar er på taket av ei stridsvogn. Den eine soldaten har ein pistol i handa og tar seg til hjelmen med den andre. Ein soldat peikar ned i vogna, medan den tredje ser ned i vogna. Dei leitar etter nokon.

Så hastar dei vidare.

Delar av bakenden på ei stridsvogn er synleg i forgrunnen. Ein soldat med gevær er i full firsprang vekk frå vogna. I bakgrunnen ligg ein soldat på bakken som drar seg mot vegen.

I scena, eller «spelet», som utvikla seg over, øvde soldatane på kva dei skal gjere i møte med fienden.

Ein såra motpart har rett til helsehjelp gitt at situasjonen blir vurdert som trygg nok til å kunne gi det.

Denne gongen blei den såra fienden liggande igjen på bakken for å bli plukka opp seinare.

I tillegg til laser og sensor er det alltid ein stridsleiar med som kjem med innspel og som dømmer innsatsen til soldatane undervegs.

Ein mann i grøne militærklede og ein stor sjølvlysande organsje vest med refleks kjem inn frå sida. Den eine armen er heva som om han skal seie noko. Blikket er konsentrert. Han går mot ein soldat som løsnar ein svart stropp rundt låret, medan ho ser mot mannen i den oransje vesten. I bakgrunnen stikk ein bakende av ei stridsvogn fram. Bakken er steinete og dekt av eit tynt lag snø og is.

Soldatane må gjere «spelet» ein gong til fordi dei ikkje fekk med seg alle fiendane som skjulte seg under panseret i vogna.

Noko som betyr ein ny runde i grøftekanten for den såra soldaten.

Oversiktsbilde av ein situasjon. Ein person i grøne militørklede og gul refleksvest står ved foten av ein soldat som ligg på bakken ut mot vegen. To stridsvogner kjem køyrande opp vegen. Til venstre i bildet står det ein person i grøn militærjakke og kvit bukse og oransje refleksvest ved bakenden av ei stridsvogn.

Brigade Nord øver i store delar av Indre Troms året rundt. Det set spor i naturen.

Sporet av ei beltevogn er stempla ned i terrenget. Det har danna seg ei overflate av is i spora. Det er snø på bakken og små nakne trestammar dannar ein liten skog rundt. Dette viser korleis militære øvingar set spor i naturen.

Flygande auge

Det grå droneflyet, Puma, har stått på bakken mesteparten av øvinga.

Vinden er for sterk, og dei er avhengige av å ha god kontakt med dronen for å kunne gjere jobben sin.

Eit grått lite fly står på bakken. Ein soldat bøyger seg over flyet og støttar det med handa. Runst flyet står tre andre soldatar, men vi ser berre beina. Det grå flyet er ei drone.

Dronen har ikkje våpen, men kamera.

Dei flyr over stridsfelt og melder frå til artilleri eller bombekastar om dei ser noko dei bør skyte på.

30. januar 2023 skal dronelaget og andre frivillige soldatar frå Brigade Nord reise på NATO-oppdrag til Litauen.

Stridsvogner og soldatar står oppstil på ein parkeringplass. Desse personane skal reise til Litauen på nato-oppdrag.

I seks månader skal den norske eskadronen trene med soldatar frå andre land og styrke Litauen sin krigsførebyggande terskel mot Russland.

I Litauen er det også mindre vind.

Dronelaget ser fram til å kunne fly under meir stabile vêrforhold der.

SJÅ OGSÅ:

Siste fra P3.no: