I går vart den nye traileren til Tommy Wirkolas Hollywood-debut, Hansel and Gretel: Witch Hunters, sleppt. Filmpolitiet meldte i sommar om at filmen blir endå råare og blodigare enn fyrst venta, noko den nye traileren vitnar om.

Meir Wirkola

I den nye traileren er Wirkola-stilen me kjenner frå Død snø og Kill Buljo endå tydelegare: ein god porsjon blod og gørr, men samstundes med humor og glimt i augo.

Filmen tek utgangspunkt i brødrene Grimms eventyr om Hans og Grete, der Wirkolas versjon startar 15 år etter. Syskenparet reiser no rundt i Europa for å kjempe mot heksar og andre monster. Dette var Wirkolas eigen idé, som han fyrst presenterte då han gjekk på bachelorprogrammet for film og tv ved Bond-universitetet i Australia.

«Some people will say that not all witches are evil, that their powers can be used for good. I say: Burn them all.»

Blir ikkje «PG-13»-film

Eventyrthrilleren får no R-rating, den nest høgste aldersgrensa – noko som betyr at alle under 17 år må ha føresett for å sjå filmen. Dette gler Wirkola seg over.

– Det eg var mest nervøs for då eg leverte inn manuset, var at studioet skulle gjere om filmen til ein  «PG-13»-film, altså gi han lågare aldersgrense. Eg har vore litt oppteken av det. Men heldigvis har dei vore veldig klare på at dei vil ha ein valdeleg film, og når det kjem til kor mørk eller drøy humor ein kan ha, så har dei heller ikkje hatt nokon å utsetje. Dei støttar min versjon, sa han til DN.

Og det ser ut som Wirkola får det slik han vil, for den nye traileren ser ikkje på langt nær like barnevenleg ut som den førre.

Publikum vann

Paramount testa to versjonar av filmen – ein familievenleg og ein råare «vaksenversjon». Etter at mellom anna IMDB-brukarar gav mest positiv respons på sistnemde, bestemte studioet seg for å lage ein mørkare og blodigare versjon av filmen.

No satsar Paramount på å gjere filmen så lite familievenleg som mogleg. Hansel and Gretel: Witch Hunters har premiere på norske kinoar 25. januar.

Her kan du sjå den førre traileren:

http://www.youtube.com/watch?v=tn-ykHdl6PY

Kva syns du om den nye traileren til Hansel and Gretel: Witch Hunters?