Norske Kon-Tiki var nominert for beste utenlandske film under årets Golden Globe-utdeling i natt, men austerrikske Amour tok til slutt prisen.

— Det er gøy å motta prisen frå ein austerrikar, sa Michael Haneke då han mottok prisen frå landsmannen Arnold Schwarzenegger.

Golden Globe: Se alle Golden Globe-vinnerne her

Andreplass er nokon gonger like bra

Regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning (med ektefeller), samt manusforfattar Petter Skavlan og Pål Sverre Hagen sat i salen. Anders Tvegård USA-korrespondent traff dei i presserommet etter utdelinga.

Petter Skavlan, Pål Sverre Valheim Hagen, Espen Sandberg og Joachim Rønning. (Foto: Anders Tvegård/NRK)
Petter Skavlan, Pål Sverre Valheim Hagen, Espen Sandberg og Joachim Rønning. (Foto: Anders Tvegård/NRK)

— Me tok det med eit smil, altså, me var veldig avslappa på dette. Eg var så lite overraska over at Amour vann, seier Skavlan. — Uansett, så kom me på andreplass, og nokon gonger er det like bra.

— Har de framleis trua på Oscar?

— Her var Amour nominert i éi klasse, på Oscaren er Amour nominert i tre-fire andre klasser, og der trur eg det vert eit heilt anna spel.

— Har filmen dykkar større sjanse til å vinne Oscar enn Golden Globe?

— Eg trur kanskje me har ein betre sjanse, men det vil vise seg, seier regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning.

I tillegg til Kon-Tiki konkurrerte den med danske En kongelig Affære, samt The Intouchables og Rust and Bone, begge fra Frankrike.

Michael Haneke, regissøren på «Amour». (Foto: Paul A. Hebert/Getty Images/AFP)
Michael Haneke, regissøren på «Amour». (Foto: Paul A. Hebert/Getty Images/AFP)
«Amour» styrker Oscar-sjansene

Tidligare denne veka vart det klart at Kon-Tiki òg er nominert til Oscar i same kategori som den nå tapte for Amour i.

Les: Her er Oscarnominasjonene for 2013

Juryane i Golden Globe- og Oscar-utdelingene er ganske ulike, men vanligvis er førstnemnde ein god peikepinn på filmen. Historien viser at dei gjerne deler smak når det gjeld dei største kategoriene – hovedsakleg på Beste-film, men óg dei andre.

Amour er av kritikarfavorittane til den tilsvarande Oscar-prisen, og med sigeren i Golden Globes har nok ikkje oddsen blitt dårlegare. Fleire norske filmekspertar har trukke fram Amour som den absolutte favoritten.

Les også: Små Oscar-sjanser for Kon-Tiki

  • Grattis til en fabelaktig presentasjon, med å bli nominert, selv om våre journaliser er verdens beste, i sin gledens pulveriseringspriser. Amour er et begrep utenfor, brenning av flåter og observasjon av søppel i sjøen, men det er museums historie. «Pirates nows the right smell of gold.”

    Monster produkter, gjør det beste ut av dårlige ideer, for penger……

  • Vegard Minde

    Hva !? Ingen Oscar !? -For et bombenedslag !

    • NorwegianThirtySomething

      Dette var ikke Oscar.

      • Plutonic

         Nei, det er jo det han sier: «Ingen Oscar!»