Etter kvart som 20. februar nærmar seg vil nok fleire og fleire nyheiter om Sonys neste konsoll nærme seg. I natt dukka eit bilete av ein kontroller opp på nettstaden Destructoid.

Seinare er kontrollaren bekrefta – til blant anna IGN – å vere høgst reell, men ein tidleg prototype som vil endre seg etter kvart. I bakgrunnen står det ein kan anta er ein utviklerversjon av Playstation 4.

Boomerang-prototypen til PS3. (Foto: Sony)
Alle hugsar vel korleis publikum reagerte sist Sony prøvde ein drastisk forskjell? (Foto: Sony)

«Gammalt»

Frå bileta kan ein dedusere eit par ting. Først og fremst, Sony går ikkje frykteleg langt utanfor sin eksisterande boks når det gjeld design. Dette er i grove trekk det same som dei eksisterande kontrollarane til Playstation 3.

Kontrollstikkene og styrepanelet er stort sett likt som tidlegare, men heile kontrollen ser breiare ut enn tidlegare.

Dette kan dog berre vere på grunn av prototypen, endelege proporsjonar vil nok endre seg til den endelege versjonen. Akkurat no ser den litt «100 kroners billeg-kontroller frå Nille» ut.

Men dei nye tinga er likevel interessante.

Les også: EA-sjef: – Vi skal bli 100 % digitale, punktum

Nytt?

På toppen er det som ser ut til å vere ein Playstation Move-indikator. Korleis Sony vil implementere denne i nye spel er usikkert, men det kan iallfall tyde på at det vert ein meir integrert del av spelinga, sidan ein ikkje er avhengig av å vifte rundt med ein eigen kontroll for å nytte seg av den.

Mest synleg er den store firkanten som ser ut til å vere ein trykkfølsom skjerm av eit slag, noko tidlegare rykte har hinta til. Ein liknande skjerm på baksida av Vitaen blir til dømes nytta til tap-basert styring eller andre rytmekommandoar. Ifølgje IGN sine kjelder er heile knappen i tillegg trykkbar.

Til venstre for den er ein umarkert knapp. Dette kan fort vere «Del med venene dine»-knappen, som ifølgje rykte skal kunne dele video av det du har spelt med venene dine. Eit fint verktøy for spelarar som liker å lage såkalla «letsplays» – gjennomspelingar med kommentarar.

Kva veit me ikkje?

Midt på kontrollaren er det som anten kan vere ein høgtalar eller ein mikrofon. Mikrofon kan implisere ulike former for talestyrt speling, eller rett og slett opptak av stemma di til videoklipp du kan dele. Ein høgtalar kan vere som på Nintendo sine siste konsollar, der lyd avspelt av kontrollaren kan rikje opplevinga.

På undersida av kontrollaren er ein ukjend kontakt, som kan vere alt frå hovudtelefonuttak til tilkoplingsport for andre kontrollarfunksjoner. Me får heller ikkje sett kva som er på baksida av kontrollen, eller – naturleg nok – kva teknologi som er på innsida.

Eit av rykta som har gått er at grepa skal ha biometriske sensorar av eit slag, og kva Sony gjer med sitt oppkjøp av nettskytenesta Gaikai er òg usikkert.

Les også: Sony-sjef: – Nettskya er ikke til å unngå

Slikt får me ikkje vite enno, men kan hende det er det Sony vil avsløre den 20. februar?

Kva synest du om Sony-prototypen?