Så, rykta var sanne. Det neste Batman-spelet i den høgroste Arkham-serien er bekrefta, og har fått namnet Batman: Arkham Origins. Serien skal haldast fram av det 2010-grunnlagde Warner Bros. Games Montreal, ikkje Rocksteady, som gjorde dei to førre spela.

– Rocksteady er spent på å sjå WB Games Montreal utvikle forløparen til Batman Arkham-franchisen, seier Sefton Hill, sjefen i Rocksteady, i ei godt planlagt PR-overlevering til Game Informer.

Batman: Arkham Origins. (Foto: Warner Time)
Skurken med det passande namnet Black Mask utsteder ei skotpremie på Batman. (Foto: Warner Time)

Han kan jo sjølvsagt ikkje seie noko anna. Sjefsdesigner på spelet, Eric Holmes, var tidlegare sjef på spelet Prototype – eit anna hardtslåande spel sett i ei open verd.

Anmelding: Prototype: – Spis naboen før viruset kommer og tar deg

Batmans tidlege karriere

Der tidlegare fråsegn peika på at Arkham-serien kanskje ville ta eit steg vekk frå den hardbarka og skitne kjensla, tyder dei nyslupne bileta i staden på at det vil bli meir av det same.

Arkham Origins vil, som namnet tilseier, vere historia før Arkham Asylum, og ta for seg ei tid tidleg i Batman si karriere – der han framleis ikkje er heilt driven i sine detektiv- og kampteknikkar.

Den vondskapsfulle skurken Black Mask set ut ei skotpremie på Batman, og i løpet av spelet vil han treffe på minst åtte av universets leigemordarar – deriblant Deathstroke.

Spelet vil gå føre seg i eit snøkledd Gotham på julekvelden, som inkluderer både spelverda Old Gotham – frå Arkham City – og ein ny del av byen som heiter New Gotham. I løpet av spelet vil den kappekledde riddar forsøke å finne ut kvifor Black Mask har starta ein krig mot han.

Anmelding: Batman: Arkham City: – Et sted der du ikke ville sendt din verste fiende

Batman: Arkham Origins. (Foto: Warner Time)
Batman: Arkham Origins. (Foto: Warner Time)

Nyttar same motor som i dei andre «Arkham»-spela

WB Games Montreal vil nytte den same spelmotoren Rocksteady nytta i utviklinga av dei to førre spela, og produsent på spelet Ben Mattes seier at det mykje roste kampsystemet ikkje er endra frå dei førre spela:

Batman: Arkham Origins. (Foto: Warner Time)
Den øksa kjem sikkert ikkje til å bli nytta til noko koseleg. Nokon som stemmer imot? (Foto: Warner Time)

– Om det ikkje er øydelagd, så treng det ikkje å fiksast!

Dei lovar òg ein heil del nye funksjonar, deriblant ein utvida vaierpistol («grappling hook») som kan knytte to ting til kvarandre – som i til dømes Just Cause-spela – ikkje berre hjelpe Batman opp på eit tak.

WB Games seier òg at dei har latt seg inspirere av BBC-serien Sherlock til å utvikle eit system som let deg vere detektiv. På den eine sida har ein mogelegheit for å sjå åstadar medan Batman leverer sine teoriar om korleis den kriminelle handlinga går føre seg, på den andre har ein mogelegheita til å sjå hendingar frå spelet i reprise i Batmans Batcave for å hjelpe etterforskinga hans.

Det dei derimot ikkje seier noko om er at dette sjølvsagt er for å hjelpe å halde Batman-namnet aktuelt fram mot dei komande Justice League-filmane.

Anmelding: Batman: Arkham City: – Mørkt, farleg og ekstremt bra!

Dokker opp i oktober, med mobil-spin-off

Hittil har dei derimot ikkje vist særleg mykje av dette, berre bilete. Spelet har lanseringsdato den 25. oktober til Xbox 360, PlayStation 3, Wii U og PC. Samtidig får det ein Playstation Vita og Nintendo 3DS-spin-off som får namnet Batman: Arkham Origins Blackgate.

– Me er fullstendig klare over at me står på skuldrene til store kjemper, seier produsent Mattes til Game Informer.

– Og me vil definitivt at det skal leve opp til Arkham-spela sitt ettermæle, avsluttar studiosjef Eric Holmes.

Så gjenstår det å sjå kva eit nytt studio kan gjere med dette ettermælet. Eg merkjer eg er spent, men avventande til kva – det framleis relativt ferske – studioet kan vise fram.

Kva trur du om studiobyttet, og det dei lover så langt? Legg att ein kommentar under teaservideoen.