Hello Ladies høyrest i utgangspunktet mest ut som serien om ein mann som trudde litt for sterkt på den nerdete engelskmannen i Love Actually, han som sa at alle amerikanske kvinner diggar britisk aksent, og med suksess drog til USA. Og det er den draumen han bér på, hovudpersonen Stephen Pritchard (Merchant), at han ein gong skal sleppe å vere einsam.

Som ein relativt merittert webdesignar har han eit stort hus i L.A., men Pritchard manglar noko å fylle det med. Difor prøver han seg hardt på sjekkemarknaden – utan særleg hell, hittil. Den eine kvinna han har regelmessig kontakt med er skodespelaren Jessica (Christine Woods, Go On), som bur billeg i gjestehuset hans medan ho – som alle andre i Hollywood – prøver å bli suksessrik.

Dette er kvifor det er skummelt å vere «den høge» i venegjengen. (Foto: Standupversjonen av «Hello Ladies»)
Stephen Merchant klipt ut av biletet. Dette er kvifor det er skummelt å vere «den høge» i venegjengen. (Foto: Standupversjonen av «Hello Ladies»)

Saman med bestevenen Wade (Nate Torrence, Get Smart) – nyleg separert, og klarar ikkje å fokusere på anna – forsøker han å «male byen rød», men ender med å drepe all form for glød. Wades’ ven Kives (Kevin Weisman, Alias) ender opp med å bli Stephens nemesis – ein kort rullestolbrukar med sjarm og personlegheit.

Anmelding: Life’s Too Short: – Stort ego, liten kropp

Han som står like bak Ricky Gervais, veit du

Stephen Merchant er vel framleis best kjend for å stå like bak Ricky Gervais. Som manusforfattar og medskapar på så godt som alt Gervais har gjort sidan dei møttest i radiokanalen XFM på slutten av 90-talet, inkludert The Office og deira førre samarbeidsprosjekt, Life’s Too Short, har han gjort humorsuksess.

Hello Ladies er basert på Merchants standup med same namn, ein time om hans jakt på ei kone. Serien sirklar rundt av dei flaue situasjonane ein kjenner frå Merchants tidlegare prosjekt – spesielt ei scene rundt eit nattklubb-bord er fantastisk gjennomført, med eit klamt klimaks – men det verkar ikkje å vere meir her.

Heldigvis har ikkje Merchant gjort tabben å gjere Pritchard utelukkande sympatisk for sjåarens del. Det ville ha vore spikeren i kista for ein serie som i så fall berre hadde føltest som alle dei andre TV-seriane basert på standup, som har vandra hen til dei «evige reprisers land» på TV3 nattestid.

Anmelding: Derek: – Gervais viser en mer avdempet side av sitt komiske talent

Stephen Merchant i «Hello Ladies». (Foto: HBO)
Kevin Weisman, Nate Torrence og Stephen Merchant i «Hello Ladies». (Foto: HBO)

Er flauheitshumoren oppbrukt?

Hovudpersonens oppblåste ego fell i same kategori som både David Brent i The Office og Warwick Davis i Life’s Too Short – både vi, serien, og alle rundt Pritchard skjønar kvifor han aldri gjer suksess. I nokre få augneblinkar skjøner han nesten dette sjølv, og då pensar serien inn på noko litt meir spennande enn jaget etter neste flaue scene.

Det er nesten for opplagt at Stephen og Jessica kjem til å ende opp saman – såpass opplagt at eg håpar dei ikkje kjem til å nokosinne gjere det. Om serien vert såpass forutsigbar har Merchant tapt til fordel for sine medskaparar – Gene Stupnitsky og Lee Eisenberg (amerikanske The Office, Bad Teacher, Year One).

Å bedømme på grunnlag av to episodar er skummelt, men om ein tek utgangspunkt i The Office som eit slags nullpunkt i Gervais og Merchants karriere, og ser på kva dei to sine siste prosjekt er (Gervais gjorde nyleg Derek), så vil eg absolutt hevde at Gervais kom best ut av det.

Sistnemnde har vald å gå litt vekk frå flauheitshysteriet, kanskje det er på tide at Merchant gjer det same. Eventuelt, så må dei to berre gjere noko saman igjen.

Om SERIEN

Hello Ladies
  • Hello Ladies
  • Slippdato: 30.09.2013, C-More Series og HBO Nordic
  • Sesong: 1
  • Regi: Stephen Merchant, Julian Farino
  • Utgiver: HBO
  • Originaltittel: Hello Ladies
  • Sjanger: Komedie