Zynga-logo

  • Zynga
  • Etablert i 2007
  • Gjorde Facebook-spel verkeleg store med Farmville i 2009
  • Den mest populære sosialspelutviklaren dei siste åra
  • Har blitt anklaga for plagiat av fleire mindre spelutviklarar, og har fått kritikk for kunstig høge oppkjøp av konkurrentar

Berre timar etter at Zynga skrudde ned forventningar for dei komande månadane styrta aksjen på den amerikanske børsen i går.

Prognosen for det foreståande kvartalet viste nemleg eit tap på 130 millioner kroner, noko som førte til eit fall på nærare 35 %.

Zynga skuldar tapet på blant anna Facebook:

— Me senkar utsiktene våre for å reflektere forseinkingar i nokre av våre nye spel, ein nedgang i eksisterande spel på grunn av større utfordringar på Facebook-plattformen, samt mindre forventningar til DrawSomething, skriv Zynga-sjef Mark Pincus i ei melding til investorane ifølgje Venture Beat.

Draw Something har opplevd brukarflukt sidan tidleg mai, og har ikkje levd opp til forventningane det skapte då OMGPop vart kjøpt for éin milliard kroner i vår.

Les også: Brukarflukt frå Draw Something

Opp frå 40 prosent, framleis optimistiske

Investorane er tydelegvis ikkje nøgd med korleis Zynga har styrt bruket det siste året. På eit tidspunkt hadde Zynga-aksjen falt såpass mykje som 40 prosent, men etter litt «brannslukking» redda den seg opp igjen.

— Me møtte nye korttidsutfordringar som leidde til færre nye titlar, seier Pincus. Trass dette er me optimistiske for mobilplattformens voksepotensiale på lang sikt, der me har mogelegheita til å skape den same sosialspelrevolusjonen som me gjorde på nett.

Eit av Zyngas komande spel er eit pokerspel der ein kan spele om ekte pengar, korvidt dette skal vere på Facebook eller ikkje er ikkje klart enno. Men om det vert redninga for det skadeskotne spelselskapet gjenstår å sjå.

Har signalisert frigjering frå Facebook

Spelmarknaden på Facebook-plattformen har vore i stagnasjon lenge, og Zynga har òg tidlegare signalisert at dei vil frigjere seg i større grad frå sosiale medier-giganten.

Les også: Facebook-spel stagnerer

Interessant nok falt òg Facebook-aksjen 10 prosent i kjølvatnet av Zynga-stupet.

Nytenkjing må iallfall til for å halde sosialspelbobla svevande, men eg er ikkje så sikker på om Zyngas planar om å halde fram å kjøpe opp nye spelutviklarar er kuren dei bør leite etter.

Spelar du framleis spel på Facebook?