Katey Sagal har hatt ei lang TV-seriekarriere. Først mange gode år som white-trash-kona Peggy Bundy, før ho dei siste åra har gjort ei radikalt annleis rolle som biker-mamma Gemma Teller i Sons of Anarchy. No har ho i tillegg landa ei rolle som mor i musikalserien Glee.

Nyheita vart sleppt av Glee-skapar Ryan McMurphy på Twitter (via THR), som bekrefta at Sagal skal spele mora til den rullestolsbundne Artie, spela av Kevin McHale.

Men alt er ikkje berre rosenraudt i serien, som – på sin heilt eigen måte – har takla mange sosiale problem før. Sagal skal nemleg spele ein «hoarder» – ein person med utprega samlemani.

McHale svara på Twitter på sin heilt eigen måte:

Les også: Topp 5: I sin beste alder

Er i ferd med å avslutte fjerde sesong

TV-serien, som sentrerer rundt ein high school-sangklubbs sosiale utfordringar, har kanskje byrja å fokusere meir på autotuna songar og kjendisfylte cameoroller enn på gripande historielinjer, men serien kan framleis gripe om den først orkar å flytte blikket frå musikkvideoverkelegheita.

Glee har elles støtt på nokre sosiale utfordringar sjølve. Nyleg la ein av seriens hovudroller, Cory Monteith, inn for avrusing – før dei to siste episodane av fjerde sesong er innspelt.

Sons of Anarchy (Foto: SF Norge)
Sons of Anarchy (Foto: SF Norge)

Det er uvisst korleis dette vil påverke episodane, som kjem på TV2 Bliss nærare sumaren.

Anmelding: Glee S02: – Nokre gonger verken morosamt eller sjølvironisk eller rørande

Sagal er ein habil songar

Sagal vil nok dukke opp i ei historielinje først i femte sesong – for eit uvisst antal episodar – og ingenting tyder på at ho treng sanghjelp. Ho syng fleire songar på soundtracket til Sons of Anarchy, og har tidlegare vore korist for både Bette Midler, Etta James og Bob Dylan.

I rolla som Gemma har Sagal derimot ikkje sunge, sidan ho sjølv har sagt at det ikkje ville passe rolla hennar:

– Eg har aldri spela ein figur som syng før. Då eg spela i Married with Children ville dei ha Peg Bundy til å synge, men det passar ikkje for meg at ho ville ha ei god stemme. For Gemma, nei, det er ikkje noko ho gjer, har ho sagt til Rolling Stone.

– Dette er berre ein fin ting som Katey kan gjere på soundtracket.

(Artikkelen held fram under Katey Sagal & The Forest Rangers som syng Son of a Preacher Man)

I Noreg går Sons of Anarchy på Netflix og TV2 Zebra. Glee er å sjå på Netflix og TV2.