Fleire undra seg over kva følgjene ville bli då Disney og Marvel fekk delstøtte frå kinesiske DMG Entertainment for å lage Iron Man 3.

Dei kinesiske myndigheitene opna i fjor for fleire utanlandske filmar på sine nasjonale kinoar – frå 20 til 34 – så lenge dei var laga i 3D eller IMAX-formatet. Og med ein aukande kinomarknad i verdas mest folkerike land var det berre eit tidsspørsmål før nokon ville gå inn for alvor.

Den kinesiske stjerneskodespelerinna Fan Bingbing. (Foto: REUTERS/Gus Ruelas)
Den kinesiske stjerneskodespelerinna Fan Bingbing. (Foto: REUTERS/Gus Ruelas)

Utvida kinesisk tilvære

Tidlege fråsegn tilsa at det ville bety at Kina ville få mykje plass i filmen, men no har Disney sleppt ei pressemelding som fortel at dei rett og slett lager ein eigen kinoversjon for kinesiske kinoar. Den vil innehalde både scener og figurar resten av verda – i utgangspunktet – ikkje får sett.

– Båe versjonar av filmen inkluderer Iron Man 3-materiale filma i Beijing i desember. Den kinesiske versjonen av filmen vil òg innehalde ein opptreden frå Kinas største skodespelarinne, Fan Bingbing, og vil vise spesielt tilpassa bonusmateriale laga eksklusivt for det kinesiske publikummet.

Bingbing skal spele kona til Iron Mans ven, Dr. Wu (Wang Xueqi, endå ein stor, kinesisk skodespelar), og skal etter sigande altså ikkje vere med i versjonen av filmen som resten av verda får sjå.

Ho vert derimot å sjå i endå ein superheltfilm, den komande X-Men: Days of Future Past, som mutanten Blink.

Bruce Willis og Joseph Gordon-Levitt spiller gamle og unge Joe i Looper (Foto: Norsk Filmdistribusjon).
Denne scena i «Looper» vart spelt inn i Shanghai. (Foto: Norsk Filmdistribusjon).

Appellerer til veksande marknad

Iron Man 3 er ikkje den første filmen som utnyttar seg av eit slikt samarbeid. Looper, den Rian Johnson-regisserte tidsreisefilmen med Bruce Willis og Joseph Gordon-Levitt i hovudrollene, hadde òg utvida scener i Shanghai som resten av verda ikkje fekk sett.

To crewmedarbeidarar på filmen har uttalt Scenene vart kutta i den internasjonale versjonen fordi amerikanske testsjåarar meinte dei forstyrra rytmen i filmen:

– Men kinesarane brydde seg ikkje om rytmen, og dei ville ha [dei kinesiske] scenene med, så me sa ok, sa dei til LA Times.

Med fleire storfilmar – det er trass alt stort sett dei som er i 3D eller IMAX – innanfor kinesiske grenser det siste året har det òg blitt fleire reaksjonar. Kinesiske kinosjåarar reagerte blant anna på at fleire scener frå Men in Black 3 var kutta av landets mediemyndigheiter, SARFT.

Det same vart gjort med Cloud Atlas, som mista heile 40 minutt (av neste 3 timer) – hovudsakleg ulike kjærleiksscener, både homofile og heterofile. Django Unchained, som er Tarantinos første premiere i Kina, mista berre eitt minutt speletid.

(Artikkelen held fram under den nyaste teaseren for Iron Man 3)

Til britiske The Independent har ein tidlegare studiosjef med erfaring frå Kina gått så langt som å hevde at amerikansk samhandling med kinesiske distributørar er på grensa til statleg korrupsjon (og dermed brot på Foreign Corrupt Practices Act):

– Det er for mange erfaringar med at godkjenning har blitt gitt, så teken vekk. Eg trur ikkje at studioa med viten slengjer mykje pengar i hendene på myndigheitene, men om du gir pengar til ein lokal distributør, så tek det ikkje lang tid før dei ender i offentlege hender ein eller anna stad.

Ben Kinglsey spiller the Mandarin i Iron Man 3. (Foto: Marvel Studios).

Men kva med The Mandarin?

Pressemeldinga til Disney seier noko om kva som vert lagt til filmen, men ingenting om kva som kan bli klipt vekk.

Skyfall, som er ein av årets utanlandssuksessar på kinesiske kinoar, måtte blant anna fjerne scener av ein kinesisk sikkerheitsvakt som vart slått ned i Shanghai, og hovudskurkens mimring om å bli torturert i kinesiske fengsel.

Hovudskurken i Iron Man 3 er The Mandarin – ein karismatisk terrorist som i teikneseria er halvt kinesisk. I filmen er det annleis, og med denne nyheita i minne vert dette tidlege sitatet frå produsent Kevin Feige til Empire Magazine i eit litt anna lys:

– Me seier ikkje at han er kinesisk, berre at han – metaforisk – trekk ei kappe rundt seg av kinesiske symbol og drakar. Det representerer fascinasjonen med Sun Tzu i dei ulike krigskunstane han har studert.

Har Marvel pingla litt ut for å få mogelegheita til kinesiske pengar og publikum? Tja, kanskje.

Iron Man 3 får norsk kinopremiere den 26. april. Kinesisk premiere vert i starten av mai, ca. samtidig som amerikansk premiere.

Burde ikkje den komande Thor 2 ha særnordisk innhald? Kulturminister, kvar er du!?