James Franco (127 Timer, Freaks and Geeks) er ein prosjektrik mann. Ved sidan av skodespelararbeidet (han bidreg på 10 filmar berre i år) gav han òg i 2010 ut ei novellesamling om heimbyen Palo Alto. No ynskjer han å nytte folkefinansieringssida Indiegogo for å late unge filmskaparar regissere dei ulike korthistoriene.

Hideo Kojima. (Foto: Kickstarter)

  • Folkefinansiering
  • «Crowdfunding», å samle inn pengar via publikum i staden for tradisjonelle distributørar og finansielle støttespelarar.
  • Popularisert i 2011 med tenester som Kickstarter og Indiegogo.
  • Hovudsakleg elektroniske duppedittar, spel eller filmar eller internett-seriar.
  • Dei største prosjekta har ofte nostalgisk verdi, som i tilbakeføring av eldre spelserier, filmkarakterar eller ulike bransjeguruar.

Målet er ein trilogi av filmar basert på boka – Memoria, Killing Animals og Yosemite – som alle skal vere samansett av dei 12 semibiografiske novellene.

Til å regissere filmane har Franco fått med seg New York University-studentane Nina Ljeti, Vladimir Bourdeau, Bruce Thierry Cheung, og Gabriel Demeestere. Fleire av desse arbeidde med Franco på studentfilmen Tar, som kom ut i fjor.

Les også: Kaizers-dokumentar knyt nærare band med fansen gjennom folkefinansiering

Basert på ungdomstida i fødebyen

– Sjølv om det er ei fiksjonsbok, er historiene inspirert av opplevingane eg hadde då eg vaks opp der, seier Franco sjølv om boka i ein video.

– Eg ser på historiene som ei bok som rører innpå dei universelle tinga ved å vere ein tenåring, bli eldre, og å lære om den større verda.

Palo Alto-trilogien ynskjer 500 000 amerikanske dollar – rundt 2,8 millionar kroner – til filmen, støtta av fans og andre som er interesserte i prosjektet. Etter nokre timar har han fått inn rundt 16 000 dollar.

I det som sikkert er eit ledd for å unngå kritikken som Zach Braff fekk mot seg – at rike Hollywood-stjerner leiter etter pengar frå «vanlege» menneske – har han annonsert at alt overskotet frå filmane vil gå rett til det frivillige kulturskuleprosjektet Art of Elysium.

Les også: Norske «Among the Sleep» nådde Kickstarter-målet på 1.1 millionar kroner

Selde luft i 2011

Men dette er ikkje første gong Franco tyr til folkefinansiering. Sist gong var derimot litt meir humorfylt, då han og kunstnarparet Carey ville selje usynlege kunstverk til folk gjennom Muséet for usynleg kunst (MONA).

For 10 000 dollar kunne då éin heldig støttar få kunstverket «Fresh Air», som ville sikre deg frisk luft kvar enn du gjekk saman med eit sertifikat som befesta verkets eksistens.

Veldig artsy, frå mannen som framleis har ein fot i den uavhengige kunstscena, trass Oscar-nominasjonar og Hollywood-suksess.

Apropos Hollywood: I Noreg får me sjå Franco neste gong på kino i This is the end, ein apokalypsekomedie der han og ei rekkje andre Hollywood-humoristar speler seg sjølv i verdas undergang. Filmen får premiere 27. september 2013.