I går viste apparatet bak Hobbiten-filmane fram den første plakaten for The Hobbit: The Desolation of Smaug (eller Smaugs Ødemark, som den heiter på norsk – sjå den nedst i saka).

I kveld slapp dei den første traileren. Traileren vart sluppen i kveld, og for å stille det same spørsmålet som Peter Jackson stilte saman med plakaten:

– Kva trur du?

Traileren visar meir av Bilbo (Martin Freeman) og dverganes veg mot fjellet Erebor, der den onde draken Smaug (Benedict Cumberbatch) voktar dvergeskatten me såg han overta i den første filmen. Deriblant får ein sjå den ville ferda ned stryka i tønner, som mange vil kjenne att frå boka.

I april arrangerte regissøren eit nettmøte med fansen, der fortalte Peter Jacksonhan besvarte ulike spørsmål frå fans. På spørsmålet om kva han sjølv gledde seg mest til var svaret nettopp:

– Konfrontasjonen mellom Smaug og Bilbo må vere høgdepunktet for meg, det er ei ikonisk Tolkien-scene.

Anmeldelse: Game of Thrones S03: – Det blir ikke bedre enn dette!

Førhistorien til «Ringenes Herre»

Hobbiten-filmane, tre i talet, er førhistoria til Ringenes Herre-filmane. Alt er basert på J.R.R. Tolkiens historier om hobbitar, alvar, dvergar og menneske sin kamp mot det onde i Midgard.

Jackson har fått kritikk for å utvide den eigentleg ganske korte Hobbiten-boka til tre lange filmar, men har forsvart det med at han har teke inn historier frå andre Tolkien-bøker.

Den første filmen vart godt motteke av Filmpolitiets Birger Vestmo, som òg påpeikte filmens lange løpetid:

– Det hender at historien strekkes litt langt, slik at den oppleves en smule tynn. Og flere hyggelige gjensyn virker å være for gjensynets del, ikke ferdens fremdrift.

Korvidt Jackson har strukke det for langt gjenstår å sjå når Hobbiten: Smaugs ødemark dukkar opp på norske kinoar den 11. desember.

Så, kva trur du? Legg att meininga di i kommentarfeltet under plakaten for filmen.

Plakat for «Hobbiten: Smaugs ødemark». (Foto: SF Norge)
Plakat for «Hobbiten: Smaugs ødemark». (Foto: SF Norge)