– Å fortelje desse historiene som eg held på med, det er jo å avdekke noko om meg sjølv. Eg grev ned i møkka mi, inst inne, no seier eg dette til deg som eg ikkje har sagt til nokon andre i så måte, men det er jo det eg gjer. Eg grev ned i den underskogen av drit som finst inni meg, som eg ikkje er så glad i, som eg forsøker å kjempe mot, men samtidig erkjenner at er der, seier regissør Erik Poppe.

Hans tre førre spelefilmar er kjend som Oslo-trilogien – Schpaa, Hawaii, Oslo og DeUsynlige. Gjennom tema som forsoning og tvil, har Poppe i filmane sine vist fleire mørke sider av det norske samfunn. Hans nyaste film, Tusen ganger godnatt, siktar kanskje mot ein gladare slutt, men framleis med eit stort, sentralt dilemma. Nokon «viktig» film vil han derimot ikkje hevde at det er.

Nicolaj Coster-Waldau og Juliette Binoche spiller ektepar med problemer i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Nicolaj Coster-Waldau og Juliette Binoche spiller ektepar med problem i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).

– Eg har vore livredd for å lage det ein vil kalle «ein viktig film å sjå», ein som handlar om «viktige» ting. Det er ikkje noko eg får lyst til å gå og sjå sjølv.

Poppe ynskjer å sjå filmar som er sterke, som berører, som set kjensler i han. Regissøren vil framleis lage filmar innanfor underhaldningsfilmens rammer. Men folk må absolutt få lov til å bli sure på han – og på hovudpersonen Rebecca, for vala ho tek i filmens sentrale dilemma.

Usympatiske hovudroller har han hatt i alle filmane sine, Tusen ganger god natt er på sett og vis ikkje noko unntak.

Anmelding: Tusen ganger god natt: – Juliette Binoche stråler i Erik Poppes sterke film

– Du vil jo berre attende igjen

I filmen er krigsfotografen Rebecca (Juliette Binoche) ein av verdas beste. Ho er engasjert og driven, men vert skada i felten då ho kjem for nær ein sjølvmordsbombar i Kabul. Etter dei alvorlege skadane får ho eit ultimatum av familien: halde fram med arbeidet, eller behalde familien – mann og to born. Den sentrale historia er inspirert av regissør Erik Poppes eigne erfaringar som både filmregissør og fotograf i konfliktområde rundt om i verda.

Han synest at filmar om krigskorrespondentar har feil fokus. Engasjert fortel han at målet òg er å for aller, aller første gong fortelje om korleis journalistar og fotografar i konfliktområde faktisk har det. Dermed trekk han i staden mykje av handlinga heim – det er utanfor felt at arbeidet er vanskelegast.

– Dilemmaet er ikkje korleis ein opplever å vere ute i ei krigssone, det synest eg personleg ikkje er det vanskelegaste, det lærar ein seg, det har eg lært meg. Det vanskelegaste er når eg kjem heim att, dei første timane, første dagane, første vekene – eg ser kva folk er opptekne av, og klare å vere blant dei menneska utan å eksplodere.

– Du vil jo berre attende igjen med ein gong.

Les også: – Jeg kjenner meg veldig godt igjen i filmen, sier NRKs tidlegare Midtausten-korrespondent Sidsel Wold

Et eksempel på fotograf John Christian Rosenlunds flotte bilder i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Irlandskysten var ikkje SÅ ulik at det gjorde noko. (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Måtte ut av Noreg

Opphavleg skulle filmen spelast inn i Noreg, med norske skodespelarar og norsk språk. Han legg ikkje skjul på at det hadde vore vanskelegare å få den distribuert internasjonalt då, men trur ikkje at filmen i seg sjølv ville ha vore så annleis.

– Eg vil eigentleg seie at det ikkje har påverka filmen noko særleg. Det er det rare. Når me då gjorde det på engelsk, og filma i Dublin, så var det rett og slett fordi den einaste måten å finansiere filmen på var å faktisk ha større ambisjonar. Og når det vart gjort, med stjerner som Juliette Binoche (Blå) og Nikolaj Coster-Waldau (Hodejegerne) rett frå settet på Game of Thrones, så hjelper jo det å få filmen ut.

Med støtte frå blant anna det irske filmfondet, og ei rekkje andre europeiske interesser, vart filmen større enn det først var tenkt. Ein av fryktene til Poppe var at filmen kunne bli ein «europudding», eit samsendt prosjekt med krav frå så mange ulike stader at den opphavlege tonen vart vekke. Dermed gjekk han inn for å ta alle viktige val sjølv.

– Eg trur det er løysinga, blant anna fordi produsentane har vore like oppteken av å unngå det, dei har latt meg få ta alle vala eg ville, og så løyse alt det andre etterpå. Men det vart Juliette Binoche, og når eg først har gjort det, så er eg sjølvsagt evig takksam for å få arbeide med eit sånt geni som ho er. Eg ville ha sterke skodespelarar, eg ville gjere noko litt risikabelt, og som hadde den krafta i seg.

Rebecca (Juliette Binoche) risikerer liv og helse som krigsfotograf i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Rebecca (Juliette Binoche) vart krigskorrespondent fordi ho var sint som ung, det same gjeld Poppe. (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).

Les også: Filmpris til norske «Tusen ganger god natt»

Berre ein journalistfantasi?

I filmen vert Rebecca spurt av si eldste dotter om kvifor ho byrja å fotografere, svaret er henta frå Erik Poppes eiga stemme, via mangeårig manuspartnar Harald Rosenløw Eeg.

– Då har eg rett og slett skrive inn mitt svar. ‘Fordi eg var sinna.’ Då eg var 16, 18, 20, par-og-tjue, så var eg sint. Eg var i opposisjon, eg måtte bestå noko, eg synest ikkje at me gjorde nok for nokon. Det biletet av at folk får kaffien i halsen, og vaknar og tenkjer ‘Å, skitt! Er det sånn det er?’, det er dét ein lengtar etter. Ein vil vekkje folks reaksjon, som igjen set igjen at folk blir engasjert!

Kvifor gjer me ikkje dette, kvifor har me soldatar i Afghanistan, kva pokker er det som skjer, kvifor gjer me ikkje ein drit med den enorme konflikten i Kongo, kvifor fokuserer me berre på Syria? Erik Poppes spørsmål er mange. Sinnet er framleis til stades, men det har flytta på seg.

– No kanaliserer eg det gjennom desse filmane, og då lever eg eit godt liv. Personleg er eg jo ein utruleg fredsam fyr som knapt får lyst til å ta livet av ein mygg på handa mi.

– Men er ikkje den sterke krafta til å endre berre ein slags journalistfantasi?

– Det er ikkje meir fantasi enn at eg har teke det rett ut av ei eiga oppleving.

Anmelding: Ambassadøren: – Underholdende dokumentar om mattsvart korrupsjon

Mor og datter (Juliette Binoche og Lauryn Canny) på tur i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Mor og dotter (Juliette Binoche og Lauryn Canny) på tur i Tusen ganger god natt (Foto: John Christian Rosenlund/Paradox).
Inspirert av flaumen i Pakistan

Under flaumen i Nordvest-Pakistan i 2010 vart journalistar og hjelpearbeidarar først kommandert ut av området av Taliban. Poppe og ein medfotograf vart att og filma den store nauden i kjølvatnet av flaumen. Hundretusenar av afghanarar var på flukt og dei «døydde som fluger», ifølgje Poppe:

– Det gjekk til topps på BBC World nokre timar etterpå, så gjekk det under 24 timar før det kom kvite lastebilar i kolonner inn i området og fekk hjelpt dei. Det er det ein kan gjere på ein god dag. Men det er ikkje ein våt draum, eg trur ein opplever det som om det gir meining. Det er klart at det er frykteleg meir vanleg at ein får sendt ut materiale og det får ingen reaksjon.

Bonus: Regissør Erik Poppe om sitt drøymeprosjekt

– Og det er mange som til sjuande og sist berre hiv inn handkledet, fordi dei ikkje lenger trur på journalistikken. Blir informasjonsmedarbeidar i eit korrupt firma i staden, seier Poppe og smilar.

Han har slite med dilemmaet rundt familie og jobb både no og tidlegare. Det er ikkje lett å slite seg frå det han er mest engasjert i, og dilemmaet er òg til stades i hans eiget liv.

– Der ligg òg ei egoisme, det ligg ei drivkraft i å nå ein stad, og det eg bér av dårleg samvit er prisen for det og for dei rundt meg. Det er dette eg ville trekkje fram, og seie at ‘Det er dette eg slit med, held på med’, for det synest eg òg er ei spennande problemstilling. Så det er jo å hente fram gørra i mitt liv, og få det på lerretet. Så når mine dagar er talte, så har eg ikkje skrive det beste etterordet for mitt liv, men det kan kanskje vere relevant for mange andre å kjenne seg att i.

Tusen ganger god natt har premiere 18. oktober.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.