Ok, så var me kanskje ikkje heilt ferdig med den kalde krigen likevel. Skumle russarar var hovudfiende nummer éin frå den amerikanske film- og TV-industrien gjennom heile 80- og 90-talet – ei rolle som Midt-Austen kanskje har teke over etter kvart.

Det er difor nesten litt forfriskande å få Sovjet som skurkar igjen, i ein thrillerserie som opnar roleg men spenningsdirrande – med eit litt anna blikk på spionane enn me vanlegvis ser.

I The Americans følgjer me ekteparet Elizabeth (Keri Russell) og Phillip Jennings (Matthew Rhys) på 80-talet, på utsida ei fullstendig normal amerikansk forstadsfamilie. Eigentleg er dei spesialtrente russiske agentar, sett saman av KGB for å overvake og underbyggje det amerikanske samfunnet i Washington D.C – med to uvitande born som ein del av familien for å halde oppe fasaden.

The Americans. (Foto: FX)
Fasaden er hardt sett opp for å verke så kvardagsleg som mogeleg. (Foto: FX)

Plutseleg flyttar ein ny nabo inn i området, FBI-agenten Stan (Noah Emmerich). Er han der tilfeldig, eller er dei under mistanke? Første episode gir svaret, men legg opp til fleire spennande trefningar utover sesongen.

Anmelding: «Muldvarpen»: – Tinker, Tailor, Soldier, Spy!

Kvardagen innimellom det spennande

Keri Russell er best kjend frå hovudrolla i det romantiske dramaet Felicity, men visar seg her absolutt kapabel for meir seriøse, intense roller. Hennar forvandling til den hardtrena Elizabeth er god, og opnar nok med denne serien for mykje spennande arbeid framover for ei karriere som har vore litt anonym sidan byrjinga av 2000-talet.

Samspelet med Matthew Rhys (Brothers & Sisters) er godt, ein kar som tek ei litt anna rolle – blant anna som kameleonen blant parets, i ulike spionforkledningar. Matthew er i større grad der òg for kvardagens brytningar – i pausane mellom storpolitikken, der forstadslivet bryt inn.

I tillegg er han, trass si russiske opplæring, meir freista av dei amerikanske samfunnsgodene.

Det er nettopp dette som er det mest interessante med serien, kvardagen innimellom det spennande. I staden for å bli ein kva som helst spionthriller, med alle ingrediensane det måtte bety, tek dei med denne ekstra dimensjonen – korleis familien fungerer, og korleis spionane skjuler den umoralske sida frå borna sine. Det vert nesten litt Sopranos-aktig til tider, sånn sett.

Anmelding: «The Informant!»: – Whitacre synes det er i overkant kult å være spion

The Americans. (Foto: FX)
TV-seriens to sentrale spionar, Elizabeth og Phillip. (Foto: FX)

Inspirert av familiane til CIA-agentar

Skaparen Joe Weisberg, tidlegare agent i den amerikanske etterretningstenesta CIA, vart inspirert av korleis familiane til agentane fungerte. Han har sjølv sagt at han på jobbintervjuet, med løgndetektortest, vart spurt om han ville arbeide i CIA for å bli spion, eller for å skrive om det seinare. Sistnemnde hadde han aldri tenkt på – før akkurat då.

Den amerikanske kanalen FX starta suksessperioden sin med The Shield på byrjinga av 2000-talet, og har i det siste gjort det bra med seriar som Justified og Sons of Anarchy. Med The Americans held dei fram med å skape gode spenningsseriar med interessante univers.

Serien hadde amerikansk premiere allereie i januar, men har latt litt vente på seg i Noreg. No vert den eit av trekkplastera til Viasats nye drama- og bake-kanal – TV6. Er første episode verdt å bruke fredagskvelden på? Absolutt!

Kven er din favorittspion på film og TV? Legg inn di meining i kommentarfeltet!

Om SERIEN

The Americans
  • The Americans
  • Slippdato: 21.11.2013, fredager TV6, klokka 21.30
  • Regi: Joe Weisberg
  • Utgiver: FX
  • Originaltittel: The Americans
  • Sjanger: Thriller, TV-Serie