• Juryen
  • Juryformann Ulrik Eriksen, Morgenbladet
  • Mikael Godø, Dagbladet
  • Cecilie Asker, Aftenposten
  • Terje Eidsvåg, Adresseavisa
  • Aksel Kielland, frilansskribent
  • Birger Vestmo, Filmpolitiet
  • Anne Gjelsvik, filmprofessor ved NTNU
  • Audun Engelstad, førsteamanuensis ved Filmskolen i Lillehammer
  • Gry Rustad, stipendiat av IMK ved universitetet i Oslo
  • Andreas Iversen, mastergrad i norske og danske tv-seriar

– Aldri tidlegare har norske fiksjonsseriar skapt så mykje engasjement. Dei vert sett av mange, og det diskuterast ivrig rundt kvalitet; truverdige dialogar og handlingar, kva som er ein tv-suksess, kvifor me ikkje gjer det like bra som danskane, og så vidare, seier Filmbonanzas programleiar Vegard Larsen.

Dei siste vekene har me hatt ei kåring gåande i NRK, med mål om å finne ut kva fiksjonsserie frå år 2000 og fram til no som er den beste.

På den eine sida ei jurykåring, med ei rekkje tv-kritikarar og -tenkjarar frå media og utdanningsinstitusjonar – på den andre sida ei publikumskåring.

– Me ynskjer å skape merksemd rundt dei beste seriane, og sjå om det er store skilnadar mellom kritikar- og publikumsfavorittane, seier Vegard Larsen.

Sidan den 6. mars har me sluppe juryen sin 10.-4.-plass, og i dag kjem sigerspallen – juryens tre favorittar.

Tiande plass gjekk til Lilyhammer, niande til Ran, åttande til Julekongen, sjuande til Svarte penger – hvite løgner, sjette til Borettslaget, femte til Torpedo og fjerde til Nissene på låven.

Dei tre resterande finn du like under, og i Filmbonanza på NRK1 torsdag kveld klokka 20.55.

Kva er din favoritt? Legg att di meining i kommentarfeltet etter du har sett juryens plasseringar!


Uti Vår Hage

NRK for NRK1, 2003

Juryens begrunnelse:

Anmelderne lot seg ikke begeistre av «Uti vår hage» da de to seriene gikk i 2003 og 2008. «Tomgang» skrev Dagbladet om første sesong, mens Dagbladet, VG og Aftenposten ga 4-er til andre sesong og mente humoristene var bedre før. Klassisk humor kanoniseres sjelden av samtiden. I dag framstår novellefilm-serien «Uti vår hage» som noe av det beste og friskeste laget av norsk humor for tv.

Begavede, lekne og senere profilerte filmskapere som Ole Martin Hafsmo og Eskil Vogt viste seg som god regimatch til Bård, Harald og Atle, i en serie som bekrefter at i det lange løp vil regel godt drama stå seg bedre og lengre enn godt talkshow.

Av jurymedlem Terje Eidsvåg, Adresseavisen

– Om me byrjar med namnet, så var det nesten ein practical joke med (NRKs underholdningsredaktør) Charlo Halvorsen, fordi me hadde hatt ein idé om å fjernstyre ein fyr som arbeidde i fjerde etasje – om at han skulle ha eit hageprogram med ein propp i øyret. Det skulle vere eit sånn «hasj»-program, som me skulle gjere veldig fort, seier Bård Tufte Johansen.

Atle Antonsen var veldig fan av den svenske humorgruppa Killinggänget (med blant anna Robert Gustafsson), som gjorde ei rekkje seriar med sketsjar som flaut litt inn og ut av kvarandre. Dette vart inspirasjonen for forma.

– Det er ein litt lur måte å lage ein halvtime fiksjon på, at folk i den eine sketsjen berre køyrer forbi andre. Me ynskte òg å utforske litt nye kjensler, vere litt meir sentimentale, kanskje meir mørke enn det me tidlegare hadde haldt på med, seier Harald Eia.

Bård Tufte Johansen, Atle Antonsen og Harald Eia stod bak «Uti vår hage». (Foto: NRK)
Bård Tufte Johansen, Atle Antonsen og Harald Eia stod bak «Uti vår hage». (Foto: NRK)

Sjå «Uti vår hage» i nett-TV: – Kamelåså!

– Aldri hatt så få sjåarar

Ved sidan av sketsjane var dei veldig opptekne av å få med seg regissørar som var opptekne av film, meir enn berre komedie.

Eller «folk som ikkje hadde fått filmstøtte enno», som Johansen kallar det – Ole Martin Hafsmo skulle seinare regissere musikkvideoen til Ylvis’ The Fox, medan Eskil Vogt nyleg har gjort kritikarsuksess med Blind.

– Me ville ta komedien i ein kunstnerisk ambisiøs retning. Det fekk me jo svi litt for òg, for me har aldri hatt så få sjåarar som på Uti vår hage, seier Eia.

– Den hausten me laga det var me ganske deppa, for ingen snakka om det og ingen brydde seg. Så sa nokon at det var ganske positiv stemning på VGs diskusjonsforum.

– Dette var før sosiale media, skyt Johansen inn.

– Så skjønte me etter kvart at me har laga ein smal serie, men som nokre elskar.


Dag

Kamerakameratene AS for TV2, 2010

Juryens begrunnelse:

Ideen om en samlivsterapeut som har så liten tro på menneskeheten at han i prinsippet mener at alle burde leve alene, er et godt utgangspunkt for en komedieserie, og Øystein Karlsen og Kristopher Schaus Dag byr på mange morsomme øyeblikk. Seriens storhet ligger imidlertid i dens såre og observante skildring av forholdet mellom tittelfiguren Dag og Eva – kvinnen som ikke bare makter, men også trenger å bringe ham ut av hans selvpålagte eksil fra utenomverdenen.

I Atle Antonsens skikkelse er Dag Refsnes den mest helstøpte figuren norsk tv har fostret på denne siden av Marve Fleksnes, og Tuva Novotny gjør en tilsvarende imponerende jobb som Eva. Skildringen av hvordan disse to voksne menneskene – som begge har fått føle livets mindre lyse sider på kroppen – gradvis nærmer seg hverandre er tv-dramatikk av beste merke.

Av jurymedlem Aksel Kielland, Morgenbladet

– Sjølve opphavet til ideen var ein bifigur i ein anna serie som me skreiv for eit produksjonsselskap. Men dei som skulle utføre denne serien meinte at figuren ikkje var truverdig i det heile teke, seier Øystein Karlsen, som skreiv manus på serien saman med Kristopher Schau.

– Då er jo me så barnslege og obsternasige at me vart forbanna, og gjekk heim og skreiv den serien om han fyren som ikkje var truverdig.

Resultatet vart Dag Refsnes, og ideen til ein heilt ny tv-serie. Planen var heile tida å ha Atle Antonsen i denne rolla, men han vart kontakta først etter at manuset var ferdig – der dei ifølgje Karlsen smiska med skodespelaren som best dei kunne.

– Det er din versjon, seier Antonsen.

– Min versjon er vel at eg var usikker på om eg kunne klare det, fordi det var ei større utfordring enn det eg har vore borti før.

Dag (Foto: SF Norge AS)
Dag (Foto: SF Norge AS)

Antonsen forstod først ikkje korleis figuren kunne ha utspring i han, og nytta ei stund på å klare å setje seg sjølv i Dags sko.

Anmelding: «Dag» S01: – Skakkjørte folk på godt norsk forknytt vis

– ‘Kan eg eigentleg skrive dette?’

Manusforfattarane henta først inspirasjon frå seg sjølv, men etter kvart òg frå alle skodespelarane i tillegg. Til slutt vart det ei slags terapigruppe, beskriver Karlsen.

– Me hadde ei forutsetning overfor oss sjølv at me skulle vere ekstremt ærlege. At om det gjorde litt vondt, litt privat, og me tenkte ‘Kan eg eigentleg skrive dette?’, så var det sannsynlegvis noko i det.

For dei var det heile tida viktig å ikkje definere kva scener som var henta frå kva person sitt liv, sidan det kunne bli litt vel privat etter kvart. Inni denne kynismen tenkte dei først at dette ikkje kom til å bli den store sjåartalssuksessen – men eit par 60 år gamle damer i ei fokusgruppe sine tankar om den umoralske figuren Benedict gav Antonsen eit nytt syn:

– Dei synest jo berre synd på han med ein gong. ‘Nei, no har han rota det til for seg igjen’. Dei følte kun med personen. Det er forbausande mange personar som kjenner seg igjen, eg trur aldri eg har hatt meir dedikerte fans nokosinne enn eg har hatt med Dag.

For tida vert det arbeidd med ein amerikansk versjon av serien. Karlsen har tidlegare sagt det største problemet er å gjere hovudpersonen sympatisk nok, iallfall i starten av serien.


Koselig med peis

Tordenfilm AS for NRK1, 2010

Juryens begrunnelse:

Koselig med peis ligner ingen andre norske serier, verken før eller etter årtusenskiftet. Den er alvorlig og vond. Og ustyrtelig morsom. Absurd, men hele tiden troverdig. Uten å bli overtydelig og løfte en deduserende pekefinger, makter serien å fortelle oss om Norge i dag.

Tonen er gjennomgående ironisk, men føles oppriktig og ekte. Koselig med peis har skarpe, nærmest karikerte kontraster, som like fullt er fundert på subtile observasjoner. Det er en mørk serie, med en lys tone. Eller kanskje er det omvendt.

Av juryleiar Ulrik Eriksen, Morgenbladet

– Eg visste at eg ville lage ei historie om ein familie der ein slår eit lite slag for å bryte opp, seier manusforfattar og serieskapar Thomas Seeberg Torjussen.

Utgangspunktet deira er Georg (Anders Baasmo Christiansen) og hans bror Terje (Anders Danielsen Lie), som ikkje ein gong kan einast om si felles fortid – historia veks til å omfatte heile familien deira.

Koselig med peis. (Foto: NRK)
Wiktoria Winge og Anders Danielsen Lie i «Koselig med peis». (Foto: NRK)

– Nesten alle familiehistorier seier at familien skal halde saman uansett, og så såg eg så mange rundt meg med vanskelege relasjonar som dei oppretteholdt dagleg, der eg tenkte at det hadde vore betre å kanskje, i den floraen av historier der ute, diskutere det litt.

Anmelding: «Koselig med peis»: – En serie jeg er glad jeg har sett!

– Me vil sjå den serien de har lyst til å lage

Regissør Daniel Voldheim trekk fram at han er stolt over at serien kjennest som den har ein eigen identitet, ikkje at den er laga for å likne på ein dansk serie. Torjussen er einig:

– Eg veldig tru på ting som er laga ut frå eit sakn om noko som manglar. Det er eit betre utgangspunkt enn ‘La oss lage noe som Broen‘. Me fekk tillit og pengar frå NRK, dei la seg ikkje opp til det. Når dei sa ‘Me vil sjå den serien de har lyst til å lage’, så var det det smartaste og hyggelegaste nokon kunne seie til oss.

Då serien dukka opp vinteren 2010 vart den møtt av blanda kritikk frå norsk presse.

– Det var yatzy da vi våkna den dagen. Ein 2-ar i VG og kjempebra frå Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv, så det var veldig forvirrande. Det er jo noko med det å få anmeldingar første gong, dei la veldig trykk på at me hadde mislukkast i det me hadde forsøkt på – som om dei visste kva me hadde forsøkt på.

– Det er jo ikkje slik at alle må like serien heller, seier Voldheim.

– Me visste jo at nokre ikkje kom til å like den, skyt Torjussen inn.

Kven er du mest einig med – jurylista eller PUBLIKUMSLISTA?