Disney-filmen Frost (Frozen) vann, ikkje uventa, prisen for beste animasjonfilm under nattas Oscar-sending. Denn vann òg for Beste originalsang. Filmen er skapt med inspirasjon frå norske omgivnader og med norsk musikk – blant anna gjennom eit samarbeid med Innovasjon Norge, som vart kontakta om prosjektet for to år sidan med spørsmål om stader i Noreg ein burde ha sett.

Resultatet vart innhopp frå blant anna Bryggen i Bergen, Akershus festning, ei rekkje norske fjordar, nordlys, og samisk musikk.

– Det var veldig bra! Det var nesten venta, veldig hyggelig, det var jo ein favoritt. Filmen har jo blitt en kjempesuksess, den har jo vunne mange prisar – Golden Globe, BAFTA, Annie og no Oscar. Det at vi i Norge har fått vere samarbeidspartnar er veldig spennande, seier Per-Arne Tuftin i Innovasjon Norge.

I tillegg til samarbeidet er det fleire innhopp frå norsk og samisk musikk i filmen.

– Veldig hyggeleg for oss når Trondheimskoret Cantus, Sissel Morgen Gullord på horn, og Kristine Hals som har vært med å skrive musikken – kan være med å vinne. Dette liker vi!

Anmelding: Flott Disney-versjon av norsk vinter

Har tent over 1 milliard på verdsbasis

Birger Vestmo gav filmen terningkast 4, men meiner likevel at det ikkje er veldig overraskande at den vinner.

– Det er ein god, gamaldags animert Disney-musikal, med ei morosam historie og gode låtar. Personlig likte eg nok Grusomme meg 2 enda bedre, men Frozen er den typen storslagne hollywoodske animasjonsfilm som Oscar-akademiet elskar. Dette var ikkje uventa, seier Birger Vestmo.

– Skal vi si at det er en “litt” norsk pris?

Disney har eit eiget reiseselskap som no vil starte reiser til Noreg for spesielt interesserte – eit liknande prosjekt vart òg gjort i Skottland med fjorårets Pixar-film Brave (Modig), som vann både Golden Globe og Oscar-pris i same kategori.

– Om ein ser på Brave, så har dei rekna seg fram til at filmen skapte ein meirverdi i Skottland på over 1 milliard norske kroner. Det er alltid farleg å seie kva det kan bety for norsk reiseliv, men det er klart det gir fokus på Noreg, sa Tuftin til Filmpolitiet då den vann Golden Globe.