(Nokre spoilerar for første sesong i teksten)

Første sesong av Mr. Robot var ein glimrande teknologisk thriller. Ikkje berre fordi den tok temaet på alvor – den er milevis meir realistisk enn CSI Cyber og andre teknologisk retta TV-seriar – men fordi den hovudsakleg var driven fram av ein spennande og djuptgåande hovudfigur, hackaren Eliot.

Starten av andre sesong flyttar fokuset frå teknologien og går endå djupare inn i hovudet hans. Me såg fleire tilfelle av Eliots mentale programmering førre sesong, dog støtta av ulike sentralstimulerande middel, men desse to første episodane nyttar det som gallionsfigur i hans jakt på å bli kvitt både psykiske plager og medikament.

Serien er framleis skarpt laga, og nydeleg filma, TV. Det er høgt under taket, men tomrommet er fylt av trykk, ikkje luft. Figurane i serien blir nærast pressa ut i biletekantane av den særs bevisste kamerabruken, og det er godt å sjå at det finst noko TV som tør å leike med dette, med god effekt.

Sjå også: Hele sesong 1 oppsummert på seks minutt

Her har dei aller fleste store film- og tv-folk fire prosjekt. Sam Esmail har framleis ikkje arbeidd på sitt fjerde. (Foto: IMDb)
Her har dei aller fleste store film- og tv-folk fire prosjekt. Sam Esmail har framleis ikkje arbeidd på sitt fjerde. (Foto: IMDb)

Nytt og gamalt

Den første episoden av førre sesong var mogleg fjorårets beste opningsepisode. All informasjonen den fekk pakka inn i éin time utan å kjennast overfylt og forhasta var makelaus.

Mannen bak dette er Sam Esmail, som har monsterjobben med å både skrive alle, og regissere fleire av, episodane. Ikkje verst til å framleis vere eit ganske ubeskrive blad. For å illustrere, han har ikkje ein gong arbeidd på nok film- og tv-prosjekt til å fylle ut alle fire plassane i «best of»-hylla på IMDb.com.

Men han har òg vore dyktig i utplukkinga av Rami Malek som Eliot. Han er langt frå den einaste gode skodespelaren i serien, men utan at denne figuren fungerer hadde serien fort vakla – spesielt når me går endå tettare på det som går føre seg i hovudet hans. Malek er denne litt fråkopla skikkelsen med hud og hår.

Sesongen startar der den førre slutta, storhendinga som på mange plan gav attrop til Fight Club har hendt, og har byrja å gi megakonglomeratet Evil Corp fleire alvorlege skrammer. Nokre figurar blir borte, men andre kjem til – blant anna Craig Robinson (Pineapple Express) som ein snill, men mystisk hundeeigar med uvisst tilvære.

Andre er Joey Badass som Leon, ein figur som er veldig, veldig oppteken av Seinfeld, og er ein straum av dei meir morosame figurane i opningsepisodane. Grace Gummer (Frances Ha) speler FBI-økokrimetterforskaren Dominique DiPierro, som ein figur eg mistenkjer me kjem til å heie litt på etter kvart.

Les også: Dei beste TV-seriane i 2015: – Mr. Robot på 6.-plass

Mr. Robot. (Foto: USA Network)
Mr. Robot og Eliot. (Foto: USA Network)

Tek tempen på store teknologiske samfunnsspørsmål

I ei verd der det for tida stormar rundt overvåkningspotensialet til det allereie hysterisk populære Pokémon Go og me er på full fart inn i det kontantlause samfunnet, er det lett å tappe inn i potensialet til fullstendig relevant frykt (og mogleg irrelevant paranoia) for teknologi. Den kjensla som får deg – eller Facebook-skapar Mark Zuckerberg – til å teipe over webkameraet, og kople ut mikrofonen på datamaskina di, berre i tilfelle nokon sjekkar.

Ein historie som klarar å vere både spennande, karakterdrive, og samtidig ta opp dei interessante problemstillingane gjorde første sesong av Mr. Robot til glimrande TV. Starten på andre sesong endrar litt fokus, og sjølv om det på alle måtar er for tidleg å konkludere, så kan dette gå mange vegar.

Serien har nok ikkje gjort seg ferdig med overvakningsaspektet enno, men etterdønningane av første sesong har framleis mange stader å forplante seg gjennom. Om den første fokuserte på overvakinga, er det nok vår avhengnad av pengane dei blir pensa borti denne gongen.

Andre sesong av Mr. Robot visast på NRK3 og i nett-tv torsdagar 22.30, frå den 14. juli. Første sesong ligg på HBO Nordic.

Om SERIEN

Mr. Robot
  • Mr. Robot
  • Slippdato: 14.07.2016
  • Sesong: S02 E01-02
  • Utgiver: USA Network, i Noreg på NRK og HBO Nordic
  • Sjanger: Thriller, TV-Serie