Om det er ein type hovudrollefigur det finst meir enn nok av i TV-verda, er det den gretne og alkoholiserte mannlege politietterforskaren som ikkje har noko liv utanom jobben. I Mr. Mercedes er det Bill Hodges me skal fylgje, i hans kløktkamp mot den psykotiske massemordaren som gjev serien sin tittel.

Etter tre episodar verkar serien tilfreds med å trå i vante spor, utan noko forsøk på å finne opp krimhjulet på nytt. X-faktoren som gjer at den likevel kan vere verdt å få med seg, er at den uflidde og uhøflege Hodges vert spela av den eminente irske nasjonalskatten Brendan Gleeson.

ANMELDELSE: The Handmaids Tale S02 – Holder på både stilen og intensiteten.

Harry Treadaway spelar den titulære mordaren med ein svett intensitet. (Foto: C More)

Tradisjonell krim frå grøssarkongen

Serien er basert på fyrste bok i ein trilogi skrive av Stephen King – hans fyrste forsøk på hardkokt krim. King er òg er med som produsent av serien, og han har fått med seg eit særdeles rutinert team til å utvikle serien.

Mr. Mercedes er nemleg adaptert til TV av den smått legendariske produsenten David E. Kelley (Ally McBeal, Boston Legal, Big Little Lies), og sju av ti episodar er regissert av Jack Bender (The Sopranos, Lost, Game of Thrones).

Det er ingen tvil om at desse herremennene kan det å lage eit solid tradisjonelt tv-drama, men det er samtidig mitt største problem med serien. Det blir litt for tradisjonelt.

Bill Hodges er pensjonert, gretten, og sjeldan langt unna eit glas whisky. Når mordaren han aldri fakka byrjar å sende han kryptiske beskjeder, trur hans tidlegare kollega at han berre er paranoid, og han må etterforske saka utan offisiell hjelp.

Dette gjer at han slår seg saman med ein nabogut som er «god med computerar» (Jharrel Jarome), samt systera til eit av offera til Mr. Mercedes (Mary-Louise Parker) – sistnemnde einaste kandidat for den obligatoriske kjærleikplotlinja.

I piloten verkar det som Mr. Mercedes ynskjer å skilje seg ut på måten den portretterer mordaren. Me blir kjend med Mr. Mercedes – aka. Brady – sitt daglegliv, som inkluderer ein keisam jobb i elektronikkbutikk og ein trist heimesituasjon.

Her får me ein liten smak av skrekk, då serien går langt forbi å antyde eit skittent incestuøst forhold mellom mor og son. Men i andre episode trekker serien seg tilbake, og etablerer forholdet litt på nytt. Det er som om serien er uviss på kor mørk den eigentleg har lyst å vere.

ANMELDELSE: The Rain – Spennande dansk dystopi.

So langt har Mr. Mercedes halde seg i skuggane. Det vil nok endre seg utover sesongen. (Foto: C More)

Leiken har berre så vidt begynt

Som ofte er i denne sjangeren står og fell serien på hovudfiguren. Brendan Gleeson spelar Bill Hodges som ein variant av den typen figur han har perfeksjonert i sine samarbeid med regissørbrørne Martin og John Michael McDonagh, i filmar som In Bruges og The Guard.

Gleeson er ein meister til å levere syrlege replikkar. Og sjølv om Mr. Mercedes manglar litt av viddet til eit McDonaugh-manus, er det moro å sjå han sparre verbalt med alle dei andre i serien. Spesielt artig er forholdet mellom Hogdes og den påtrengande naboen Ida Silver, særs sjølvsikkert spela av Holland Taylor (Two and a Half Men).

Etter tre episodar har katt og mus-leiken mellom Hodges og Brady berre så vidt byrja, og det det blir interessant å sjå om den tar nokre spennande vendingar. Om serien skal klare å halde på merksemda mi må den nemleg gjere noko uventa snart, før den blir for alminneleg til at sjåverdigheita til Brendan Gleeson er nok til å berga den.

Mr. Mercedes har premiere på TV2 Sumo, C More First og C More First HD torsdag 10. mai, kl. 21:00

Om SERIEN

Mr. Mercedes
  • Mr. Mercedes
  • Slippdato: 10.05.2018
  • Sesong: Sesong 1
  • Utgiver: C More, TV 2 Sumo
  • Serieskaper: David E. Kelley
  • Sjanger: Drama, Krim, TV-Serie