nrk.no

– Eg sette meg på do og hylgret

«Mesternes mester»-deltakar Camilla (30) trudde karrieren var mislykka dersom ho ikkje fekk delta i VM.

På veg mot isen kjente Camilla Gjersem (30) på ei spenning i kroppen. Det var Studentleikane i Sibir i 2019.

Camilla jobba med pusten for å få nervøsiteten under kontroll, og ho kjente at beina var kopla på. Framfor det russiske publikumet skulle dette bli hennar siste konkurranse som kunstløpar.

Og då ho stod klar til å gå ut på isen, var det musestille i den store ishallen.

I den siste sesongen hadde prestasjonsangsten tatt overhand. Men korleis unngår ein at han tek fullstendig over?

Camilla har på seg ein raud kunstløpdrakt med lange ermer. Ho står sidelengs med det eine beinet strekt bak seg og det andre i ein nittigraders vinkel framfor seg. Eine arma er strekt opp og andre er strekt bak langs beinet. Ho har på seg kvite skøyter. Håret er mørkt og ho har raud leppestift. Ho står på ein utandørs skøytebane, og bak henne er det hus med snø på taket. Ho har hovudet snudd mot kamera og smilar.
GODE PLASSERINGAR: Gjennom karrieren har Camilla gjort det bra internasjonalt, og eitt av høgdepunkta er EM 2015. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Frykt for å mislykkast

Camilla starta på skøyter som åtteåring saman med tvillingsøster Anne Line. Og allereie som 11-åringar ønskte Norges Skøyteforbund å satse på dei.

I 2014 fekk Anne Line vere Noreg sin representant i OL. Dette blei ein motivasjon for Camilla til å prøve å kvalifisere seg til OL i 2018.

– Eg tenkte at om eg skulle vere vellykka som kunstløpar, måtte eg få med meg dei store meisterskapa. Det er ein tanke eg har hatt sidan eg var liten, seier Camilla.

Men då ho i 2016 fekk ein kneskade ho måtte operere, skjønte Camilla at ho ikkje kom til å rekke kvalifiseringa til OL.

Ho hadde konkurrert i tre EM tidlegare, og tenkte at det som mangla var VM i 2019.

– Det blei eit jag mot det. Eg kunne ikkje seie meg fornøgd viss eg ikkje fekk det til, seier Camilla.

Camilla sit på ein utandørs benk, som står med ryggen inn mot ei bygning med vindauge. Ho har på seg ei svart boblejakke og eit svart, langs skjørt. Under jakka har ho på sge noko raudt. Ho lener seg fram over knea og knyt dei kvite skøytene ho har på seg. Håret hennar er svart, og halvet er satt opp bak. På benken ved sidan av henne ligg det jakker og baggar, og på bakken står det ulike sko. Bakken er dekka med eit svart underlag, og nokre stadar ligge det snø.
MISTA FAREN: Det var mykje som skjedde i livet til Camilla i perioden før OL. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Då det nærma seg VM, vart poengkravet ein måtte ha for å kvalifisere seg, heva. Tidlegare hadde ho klart kravet, men no måtte ho prestere endå betre for å ha ein sjanse.

Kvar gong ho ikkje fekk nok poeng til å kvalifisere seg, kom skuffelsen.

Og for kvar konkurranse var det færre sjansar for kunstløparen å komme seg til VM.

Camilla var i ein negativ spiral, der fokuset hennar låg på resultat, og ikkje på arbeidsoppgåvene. Prestasjonsangsten vaks i takt med forventningane ho sette til seg sjølv.

– Det skapte ei frykt for å feile, ei frykt for å mislykkast, seier ho.

«Kvifor går eg eigentleg på skøyter?»

Når Camilla opplevde prestasjonsangst, blei kroppen hennar nærast handlingslamma. Ho kunne starte å tvile på seg sjølv undervegs i løpa og gjekk ikkje hundre prosent inn i rørslene sine. Ein piruett kunne lande skrått fordi ho trekte seg i lufta.

– Du klarer ikkje bruke rytmen og teknikken du har. Og så er det vanskeleg å refokusere. Å klare å snu ein dårleg start er ein kunst, forklarar Camilla.

Nokre gongar gjekk ho av bana utan å hugse kva ho nettopp hadde gjort.

– Ein er jo aleine på isen. Det er berre opp til deg sjølv, seier ho.

Camilla såg at skøytegleda ho hadde hatt før, ikkje lenger var der. I staden hadde skuffelsen av at ho ikkje kom til å klare VM-kravet teke over.

Då stilte ho seg spørsmålet: «Kvifor går eg eigentleg på skøyter?»

– Det er jo fordi eg elskar det, seier Camilla.

Denne tanken fekk henne til å legge frå seg idéen om VM, og ho starta i staden ein indre prosess.

Ho ville ikkje lenger at konkurransane skulle handle om resultatet. No skulle det handle om å ha det gøy på isen.

– Om det heiter VM eller om det heiter Student-OL, og eg får den same meistringsfølelsen og eg kosar meg, så er det jo det som er viktigast, seier Camilla.

Det var dette fokuset ho gjekk inn i dei neste konkurransane med.

Korleis unngå prestasjonsangst?

Prestasjonsangst er noko mange truleg har kjent på. Psykolog Vivian Woodfin fortel at folk opplever prestasjonsangst i både ulik grad og i ulike situasjonar.

– Jo viktigare det vi held på med er for oss, jo større sannsyn er det at vi vil kjenne på prestasjonsangst, forklarar ho.

Prestasjonsangsten kan gjere at ein får spenningar i kroppen, hjartebank og klamme hender. Ein kan også oppleve å kjenne seg handlingslamma.

Men det er ikkje dermed sagt at å føle på stress berre er negativt. Å vere litt stressa kan faktisk få deg til å prestere betre.

– Ein del av prestasjonsangsten handlar om å setje seg høge mål, forklarar psykologen.

Høge mål er bra dersom dei er oppnåelege, og passe mengde stress kan gjere deg fokusert og skjerpa. Men dersom det bikkar over til å bli overveldande, kan det vere ei vond oppleving.

– Då kan ein kjenne på overdriven sjølvkritikk, ein kan begynne å frykte at andre evaluerer ein negativt, seier ho.

TIPS TIL Å DEALE MED PRESTASJONSANGST

HEI DEG SJØLV FRAM:

Mykje av prestasjonsangsten ligg i overdriven sjølvkritikk og frykt frå å bli evaluert. Korleis høyrest di indre stemme ut? Er ho kjip og kritiserande eller heiar ho på deg?

SNU DEG MOT DEI RUNDT DEG:

Det kan vere veldig einsamt å føle på prestasjonsangst. Ta ein telefon til ein venn, ein studiekamerat eller eit familiemedlem. Dette er noko alle kan kjenne seg igjen i!

SETT OPPNÅELEGE MÅL:

Dersom du har mål du trur du kan oppnå, er det meir sannsynleg at du faktisk vil få det til. Har du for høge forventningar til deg sjølv, legg du også meir press på deg sjølv. Det er mykje mellom toppkarakter og stryk!

PRØV Å FINN UT KVA DU HAR BEHOV FOR:

Hjelper det å ta ei pause? Kanskje lage ein oversikt eller setje deg delmål? Prøv å finn ut kvifor du blir stressa, og gjer det du kan for å trygge deg sjølv.

HUGS AT DET ER LOV Å VERE STRESSA:

Prestasjonsangst er noko alle kan føle på ein gong iblant, og det betyr ikkje at du ikkje er flink eller ikkje kjem til å få til det prøver på. Det kan rett og slett bety at du bryr deg om det du skal gjere.

KJELDE: PSYKOLOG VIVIAN WOODFIN

– Det går bra eller ikkje

Camilla hadde ikkje planlagt å legge opp etter konkurransen i Sibir i 2019, men ho hadde ei aning om at dette var hennar siste sesong.

Litt tilfeldig fekk ho med seg tvillingsøster Anne Line som trenar denne gongen. Saman jobba dei for å halde fokuset på skøyteglede.

– Eg trur eg ønska å møte situasjonen i staden for å frykte han og vere redd for utfallet. Og det går bra eller ikkje, seier ho.

Ute på isen kjente Camilla støtta frå det russiske publikummet. Dei klappa for henne når ho gjorde noko bra, og applausen gav henne endå meir energi.

– Du kommuniserer med publikum utan å prate, som er ei utruleg kjensle, seier ho.

I denne konkurransen slo Camilla fleire personlege rekordar. Men det var ikkje berre det som gjorde han til eitt av hennar største høgdepunkt for karrieren.

– Eg var veldig fornøgd med at eg klarte å kose meg, seier Camilla.

– Då eg slutta å bry meg om resultatet, men heller hadde fokuset på å kose meg på skøyter og vere til stades i augeblinken, leverte eg også betre prestasjonar, forklarar ho.

Hylgret på russisk toalett

Då Camilla kom til flyplassen i Moskva etter konkurransen i Sibir, reiste ho og søstera kvar til sitt.

Her gjekk rullegardina ned.

Under konkurransen hadde ho tatt inn alle dei fine og intense inntrykka, og kroppen hennar hadde vore full av adrenalin. Og på flyplassen kom kjenslene.

– Eg sette meg på do og berre hylgret, seier Camilla.

Reaksjonen kom fordi ho skjønte at det var siste gong ho ville få oppleve dette.

Camilla har på seg ein raud kunstløpdrakt med lange ermer. Ho har svart hår og raud leppestift. Bak henne er ei bygning som liknar ei tribune på ein stadion, og på bakken ser det ut som snø. Det er litt snø i lufta, og det bles litt, slik at håret hennar bustar seg litt til.
KRASJLANDING: Camilla var overvelda etter den fine opplevinga i Sibir i Russland. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Camilla brukte nokre månadar på å ta avgjersla, men som 25-åring var ho klar til å legge opp.

– Å vere idrettsutøvar krev ekstremt mykje av deg. All energi gjekk til det, seier ho.

Sjølv om Camilla elska kunstløp, visste ho at det var riktig avgjersle å avslutte karrieren.

Aldri kjent prestasjonsangst utanfor kunstløp

Etter så mange år med kunstløp, var Camilla fornøgd.

No var ho klar for å leve eit annleis og meir fleksibelt liv utanfor ishallen.

– Eg skal på byen, eg skal vere med vennar, eg skal på hyttetur, og eg skal bade. Eg skal berre senke skuldrene og kose meg, seier ho.

Men sjølv om Camilla har lagt opp som kunstløpar og starta i jobben som advokatfullmektig, har ho teke med seg noko av idretten inn i kvardagen.

Camilla har på seg ein raud kunstløpdrakt med lange ermer og kvifte skøyter på beina. Ho har svart hår og raud leppestift. Bildet er teke ovanfrå, og ho smilar opp til kamera. Camilla har begge armane strekt ut, og det eine beinet er bøgd medan det andre er strekt utover. Det ser ut som ho er midt i ein sving. Håret hennar blafrar.
ADVOKATFULLMEKTIG: Camilla tok jusstudiet samtidig som ho var toppidrettsutøvar. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Camilla har nemleg aldri kjent på den same prestasjonsangsten utanfor kunstløp.

– I kunstløp er det så små marginar. Det krev eit ekstremt høgt presisjonsnivå samanlikna med oppgåver ein har i dagleglivet, seier ho.

Camilla trur at om ein har stått på ei scene eller ein arena der ein er så «naken», blir alt anna litt ufarleggjort.

Gjennom kunstløp har ho funne ut at om ho har fokus på arbeidsoppgåvene og å gjere det ho likar, er det større sjanse for å lykkast.

– Og om det ikkje går heilt som eg ønsker, veit eg korleis eg taklar det også, seier ho.

Journalist: Marie Wilberg, NRK P3
Foto: Håvard Sandvik og Matilde Sunde Solsvik, NRK P3
Video: Håvard Sandvik, NRK P3

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: