nrk.no

Elida (20) er bana si mest utskjelte: – Eg kosar meg

Fleire mistar motivasjonen til å bli pipeblåsar. Elida ser fram mot kvar kamp og draumer om å dømme i utlandet.

– Når eg bles i fløyta, forsvinn alle nervane. Då kosar eg meg, fortel Elida Beisland.

Det er ein overskya, småkald laurdags ettermiddag i november. Mange meiner det er hårreisande å halde på ute så seint på året.

Heldigvis har publikum likevel tatt turen til Ferd Arena. Lydanlegget dunkar ut «We Will Rock You».

Ein perfekt dag for dei som skal springe i 90 minutt, litt verre for oss som ser på utan hanskar.

Elida  Beisland går i midten av tre dommarar ut på fotballbana etterfulgt av to fotballag. Ho har på seg refleksgrønn overdel, med svart shorts og strømper, og hestehale.
ALVOR: Ei spent kjensle rørar seg i kroppen når ho går utmarsjen like før kampstart. Her saman med sine to assistentdommarar Aladdin Boukaddour og Jennifer Wie Andersen. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Ho er ikkje vanskeleg å få auge på i den refleksgrøne uniforma. Bak henne følger 22 vinnarskaller svoltne på tre nye poeng. Helsinga er unnagjort, lagoppstillinga presentert.

Fløyta går til munnen: Piiip!

– Køyr på!

To timar før avspark møter P3.no ei smilande Elida Beisland (20) på eit trongt grupperom, som denne dagen også fungerer som garderobe. Heile ni kvadratmeter til møter, planlegging, skifting og matbitar.

– Det er ikkje vanleg at den er så liten, forklarar ho.

Når resten av dommarteamet kjem, førebur ho dei på situasjonar som kan oppstå under kampen. Instruksane er tydelege.

– Vi er eit eige lag på matta som er der for kvarandre og ønsker å spele oss sjølv gode.

Elida Beisland er på bana og ser seg over skuldra. Ho ler etter ein diskusjon på fotballbana
KOS: Elida Beisland trivast godt i helgejobben. På armen får ho beskjed viss assistentdommarane veivar med flagget. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Men å bli fotballdommar var aldri eit mål.

Frå barndommen av spelte ho fotball i og rundt Kristiansand, der ho vaks opp. Då ho var 15 år, trong klubben hennar fleire dommarar. Trenaren spurde då om ikkje ho hadde lyst å prøve seg.

– Køyr på! Kvifor ikkje? sa ho.

Men Elida tenkte den gongen at dommarrolla aldri kom til å vere noko for ho. Ho var ikkje vand med å ta plass på den måten, men vaks raskt i takt med fotballkampane.

– Eg gjekk frå å hate livet den første kampen eg dømde, til at eg no går ut på bana og kosar meg, fortel ho.

Når ho tek på seg dommardrakta, trer ho inn i ei rolle ho har lært seg å elske, ei rolle der ho verkeleg får kjenne på meistringsfølelsen.

Vil dømme internasjonalt

Sidan den gongen, tilbake i 2019, har dommaroppdraga blitt noko ho ser fram til, eit høgdepunkt i veka. Ei rivande utvikling på få år har ført ho til det nest høgste nivået på kvinnesida, 1. divisjon.

Neste nivå er Toppserien, så Obos-ligaen og deretter Eliteserien. Men beina er godt planta på bakken.

– Først og fremst gjeld det å få etablert seg i 1. divisjon.

Ein fotballspelar ligg skada på bakken og får tilsyn av to lagkameratar i kvite drakter. Dommar Elida Beisland i refleksgrønn overdel ser ut mot sidelinja med fløyta i munnen og tilkallar helsepersonell. Det er to andre spelarar i bakgrunnen.
TRAVELT: Det kan vere mykje som skjer undervegs i kampane. Her treng ein spelar medisinsk hjelp, og Elida tilkallar helsepersonell. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Det ultimate målet er derimot enda lenger unna.

– Eg har jo lyst å dømme internasjonalt, sjølv om det er eit hårete mål. Ein må jo draume litt også, seier ho smilande.

Det har aldri vore nokon kvinnelege hovuddommarar i Eliteserien. På internasjonalt nivå har det berre vore tre kvinner i år.

For at Elida skal komme dit gjeld det å blåse riktig veg, uansett vindretning.

Gjer feil som alle andre

– Eg prøver ofte å sperre øyra viss eg veit at avgjersla er riktig. Dei kan sei kva dei vil, og då prøver eg å forklare, sjølvsagt.

For det er ikkje lett å vere dommar. Uansett kva avgjersle ein tek, vil eit av laga måtte bøte for det. Då gjeld det å halde tunga beint i munnen.

Hissar folk seg opp, vel ho å ta opp igjen tråden når dei har roa seg ned. Og tar ho feil, har ho ei audmjuk tilnærming:

– Det er berre å innrømme at vi gjer feil vi dommarar også. Og vi lærer av det.

Sjå korleis stemninga kan snu på eit sekund:

Elida Beisland gir raudt kort til kapteinen til Øvrevoll Hosle. Elida er vend med ryggen mot oss i ein refleksgrønn overdel medan spelaren er vend mot kamera i eit heilt kvitt draktsett.Tre fotballspelarar i kvite drakter som flokkar seg rundt dommar Elida Beisland i refleksgrønn overdel. Hendelsen skjer nær 16-meteren på eine banehalvdelen. Det er tatt på dagtid.

Det hender at Elida opplever negative kommentarar, ikkje berre på grunn av avgjersler i kampane, men også fordi ho er kvinne.

– Eg prøver å heve meg over det, men det er ikkje alltid like lett, seier ho.

Sjølvtillit på bana

Mange trur dommarjobben er ein einsam jobb fordi ein er aleine på bana. Det stemmer ikkje heilt.

På sidene spring det nemleg to assistentdommarar som blant anna passar på offsiden. Mellom innbytarbenkane spaserer fjerdedommaren. Den skal halde kontroll på trenarar og spelarbyte.

Elida Beisland jogger mellom sine assistentdommarar før kampstart, to jenter nærmast kamera og ein gut lengst unna. Ein kan sjå at dei smiler og held praten i gang.
TRE MUSKETERAR: Ein dommar på kvar si langside skal hjelpe Elida med å lose spelarane trygt gjennom 90 minutt. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

For Elida sin del er det også ein rettleiar med på alle kampar, slik at ho får tilbakemelding og oppfølging etter kamp.

– Å høyre tilbakemeldingar, ta dei til seg og sjå at ein har kome seg ein veg, har vore viktig. Det er kjempekult å sjå stega eg har tatt.

Dei har også fleire samlingar i helgene kor dommarar frå heile regionen møtest. Det er ikkje berre ein god læringsarena, det skapar også eit godt sosialt miljø.

– Ein lærer seg å tore å få sjølvtillit og ta det med seg vidare i livet. Eg har bygd karakter på grunn av dømminga, seier ho.

Mange fotballspelarar er krinsa innanfor 16-meteren, før eit hjørnespark. Men dommar Elida i midten av bilete signaliserar for bytte med begge hendene i været og vender seg mot innbyttarbenkane. Ho ser i retning kamera med beina vend til venstre, ut mot der hjørnesparket skal tas.
YMCA: Nei, det er ikkje 80-tals dans på agendaen. Det skal gjerast byte, og dette er signalet for at det kan skje. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Kva er det beste med jobben?

– Det sosiale, heilt klart: Det å komme rundt på baner, møte kollegaer og nye folk. Å kjenne på den gode feelingen når ein ser teamet igjen og få samarbeidet til å funke er alltid like gjevande.

Miljøet er så godt at det har dukka opp ein haug med passeleg dårlege internvitsar, kombinert med ein karakterskala dommarane blir målt ut ifrå. Du vil ikkje vere ein 7.9, for eksempel. Underteikna prøvde, men forstod ikkje bæret. Men no er ikkje eg dommar, heller.

Kombinerer jobb og studium

Det er ingen fotballdommar i Noreg som jobbar 100 prosent i yrket.

Espen Eskås, ein av Noregs beste dommarar, dømmer Real Madrid og Erling Braut Haaland i Champions League, medan han på dagtid jobbar med betalingsløysingar.

Elida kombinerer sjølv dømming og studium:

– Eg merkar at det kan bli litt mykje når eg er på reise, og så skal eg ha tidleg forelesing morgonen etter, seier ho.

Elida studerer på Politihøgskolen i Stavern, og ho fortel at fleire av dommarkollegaene er lovens lange arm også utanfor bana. To yrke med fleire fellestrekk. Elida trur ikkje det er tilfeldig:

– Du skal vite kven du møter og korleis du skal møte dei. Ein må tore å vere autoritær, vise skjønn og skjønne kva kampar ein skal kjempe.

Treng at alle drar i same retning

Dei siste åra har det vore ein nedgang i antal dommarar i Noreg, ifølge Noregs Fotballforbund (NFF).

Og kontinuerleg hets gjer at fleire mistar motivasjonen til å vere pipeblåsar. For kven vil ta på seg denne utsette jobben?

Dommarutviklar i NFF, Trond Ivar Døvle, forklarar at Fotball-Noreg er i ein utviklingsprosess på dette området.

– Grunnane til nedgangen er fleire. Familie, korona og nedprioritering opp mot skule og utdanning er blant hovudårsakene. Men også dommarhets, fortel Trond.

Trond Ivar Døvle fra midjen og opp, med raud bakgrunn. Han har på seg ein grå hettegensar med NFF emblem og Nike logo. Han ser inn i kamera fra 2 meters hold.
OPTIMIST: Trond håpar at dei nye endringane vil styrke dommarstanden i Noreg på sikt. Foto: Fredrik Lilleaasen, NRK P3

No er målet å snu trenden.

– Vi må sørge for at vi beheld dommarane når dei først kjem inn. Vi skal gjere kursa enda betre og ha større oppfølging gjennom bruk av rettleiarar, fortel Trond.

Han forklarar at dei ferske dommarane har behov for mest hjelp. Oppfølginga skal auke motivasjonen og gjere det lettare å kome seg over dei tøffe kneikane.

Men problemet er komplekst:

– Det er ikkje berre å trykke på ein knapp. Klubbar, lag, trenarar, lagleiarar, alle må vere med på den pakka, forklarar Trond.

Eit større apparat rundt dommarane vil også hjelpe med å finne talent, legg han til.

På ei rosa sky

For Elida sin del vart Norway Cup 2022 det store gjennombrotet.

– Den veka er ei av dei beste vekene i livet mitt. Eg levde på ei rosa sky.

I løpet av turneringa dømde Elida så godt at ho enda opp med «Jenter 19»-finalen, som er den gjævaste kampen på jentesida.

Då var det duka for å ta steget opp eit nivå, til 1. divisjon kvinner.

– Eg tenkte «Oi, no skjer det faktisk». Eg var heilt i ekstase, fortel ho.

Nærbilete av Elida Beisland i refleksgrønn overdel mens ho spring i kamp. Ho har kroppen vendt mot kamera men ser mot høgre. Håret hennar eri hestehale og står rett ut til venstre og formar ein slags brunfarga flamme, og det er tydelig at ho er i fart.
BLAFRAR: Fløyta er aldri langt unna, sjølv når det går så fort at håret står rett ut. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Under kampen P3.no følgde henne i, blei det utdelt både gule og raude kort, samt eit straffespark.

Det var nok å henge fingrane i. Og det er tydeleg at det er slik ho likar det.

Elida kastar nemleg ut ein ørliten brannfakkel på tampen av intervjuet. Eller er det eit ønske til neste sesong?

– Eg synest det er gøyast å dømme herrane. Det skjer gjerne litt meir i kampane. Eg kjenner på det, som ei lita, spinkel jente, at det er gøy når eg klarer å bygge autoritet til spelarane.

LES MEIR FRÅ P3.no

Siste fra P3.no: