For om lag eit år sidan lanserte spelskapar Tim Schaefer (Psychonauts, Grim Fandango) at hans komande spel skulle betalast gjennom folkefinansieringstenesta Kickstarter. Spelet, som lenge berre har heitt «Double Fine Adventure» har no fått avslørt tittel og handling.

Hideo Kojima. (Foto: Kickstarter)

  • Folkefinansiering
  • «Crowdfunding», å samle inn pengar via publikum i staden for tradisjonelle distributørar og finansielle støttespelarar.
  • Popularisert i 2012 med tenester som Kickstarter og Indiegogo.
  • Hovudsakleg elektroniske duppedittar, spel eller filmar eller internett-seriar.
  • Dei største prosjekta har ofte nostalgisk verdi, som i tilbakeføring av eldre spelserier, filmkarakterar eller ulike bransjeguruar.
  • Prosjektet som har fått mest pengar er smartklokka Pebble, som samla inn over 10 millionar dollar.

Broken Age skal ha to parallelle historier – om ein gut og ei jente. På den eine sida har ein guten som bur i eit romskip med ein kunstig intelligens som einaste samtalepartnar. På den andre sida ei jente som står framfor å bli ofra levande for å tilfredsstille eit monster.

Båe to ynskjer å bryte med tradisjonane og levesettet sitt står det på spelets nettside. Kor vidt dei kjem til å møtast får tida vise.

Spelet er selt inn for folket som eit tilbakehopp til klassiske peik-og-klikk-spel som Monkey Island og Day of the Tentacle – som Tim Schafer passande nok var med på å lage.

Les også: Tim Schafer får spillerne til å punge ut

Var med å starte nostalgigaloppen på Kickstarter

Tim Schafer og resten av Double Fine tok ein velkalkulert sjanse då dei spurte publikum om 400 000 dollar – rundt 2,3 millionar kroner – i mars i fjor. Ved kampanjens slutt hadde dei fått inn nærare 20 millionar kroner, noko mange meinte starta trenden med å hente inn nostalgitunge namn tilbake til spelverda.

Dermed la han grobotn for fleire andre i same situasjon – gamle bransjelegender med nye idear – som ville nytte den nye kanalen for å finansiere spela sine.

Seinare har blant anna rollespelet Project Eternity, oppfølgjaren Wasteland II og det norske eventyrspelet Drømmefall: Kapitler delfinansiert spela sine via nettsider som dette.

Les også: Drømmefall-utvikler: – Vi er overlykkelige og litt redde

Fleire av spelskaparane har uttalt at nærleiken til fansen har mykje å seie for motivasjonen, og fleire Kickstarter-prosjekt vil difor vere opne rundt skapingsprosessen. Double Fine har til dømes lansert ein dokumentarserie som vert laga medan spelet er i utvikling.

(Artikkelen held fram under første del i dokumentaren)

Bølgja flytter seg til TV-bransjen?

Schafer har i etterkant sagt at folk no er meir kritiske til å støtte prosjekt med mykje pengar enn dei var for berre eit år sidan:

– Det kan ikkje berre vere «denne personens neste spel», fansen vil at du skal late vere å ta pengar frå ein distributør fordi du skal lage eit spel for dei – med deira ynskjer i hovudet, seier han og legg til at det trass mykje kritikk er mykje bra i denne typen kampanjer.

Tim Schafer under GDC2011 i San Francisco. (Foto: Georgina Goodlander@Flickr.com - CC-BY-SA-2.0)
Tim Schafer. (Foto: Georgina Goodlander – CC-BY-SA-2.0)

– Eg håper at det er over snart, slik at me kan gå tilbake til å snakke om kor fantastisk, dør-opnande og positivt Kickstarter er.

Les også: Ragnar Tørnquist: – Jeg tror dagene er talte for de store spillutgiverene

Sjølv om spelpublikummet kanskje har blitt meir skeptiske til folkefinansiering har me neppe sett slutten på det enno. For tida samlar filmen basert på TV-serien Veronica Mars inn millionar av dollar, noko som kan tyde på at den same bølgja er på veg til TV-bransjen.

Broken Age er venta å kome i løpet av våren. Det vert lansert til Android (deriblant Ouya), Linux, iOS, Mac OS X og Microsoft Windows.

Du slår på internett ein dag, og ser prosjektet som får deg til å miste trua på Kickstarter – kva er prosjektet, kven er med?