Oppdatert 16. mai, 2013: Espen Sandberg og Joachim Rønning bekrefter at dei er på shortlista for mogelege Pirates of the Caribbean-regissørar. Arn-regissør Peter Flinth tek over Beatles-filmen.

Etter Kon-Tikis Oscar-nominasjon har det vore knytt mykje merksemd til kva regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning skal ta for seg neste gong. No er dei blant dei aktuelle til å ta over Pirates of the Caribbean-franchisen, ifølgje Deadline.

Saman med Fredrik Bond (The Necessary Death Of Charlie Countryman) og Rupert Sanders (Snow White and the Huntsman) er dei rekna å vere blant regissørane som Jerry Bruckheimer og Johnny Depp ynskjer seg til den femte filmen i serien.

Ifølgje bransjenettstaden er filminga planlagd å starte i år, og ei endeleg avgjersle på regissør vil kome i løpet av nokre veker.

Espen Sandberg og Joachim Rønning på Golden Globe-utdelingen. (Foto: Anders Tvegård/NRK)
Espen Sandberg og Joachim Rønning på Golden Globe-utdelingen. (Foto: Anders Tvegård/NRK)

Les også: Se klipp fra Rønning og Sandbergs første spillefilmer

Det skal seiast at den same typen rykte dukka opp for Harald Zwart og Fast & Furious 6 for omtrent ein månad sidan, før det seinare same veka vart avkrefta med nyheita om at James Wan (Saw) fekk jobben i staden. Harald Zwart fekk så denne veka grønt lys til å allereie starte på oppfølgjaren til sin komande Mortal Instruments-film.

Mange prosjekt på gang

Sandberg og Rønning kan dermed få mange prosjekt det komande året. Dei har tidlegare denne veka lagt frå seg spøkelsesfilmen Spectral, og er eller snart i ferd med å starte innspelinga av Saabye Christensen-filmen Beatles, som offisielt framleis er tiltenkt ei premiere i februar 2014.

Les også: Norsk Beatles-film får nytte Beatles-musikk

Ein får håpe at prosjekta ikkje kjem i vegen for kvarandre om det skulle vise seg at Sandberg og Rønning faktisk får tildelt Pirates 5. I fjor kom den norske filmen om Tordenskjold i ein kinkig situasjon då regissør Morten Tyldum trakk seg frå prosjektet til fordel for Alan Turing-filmen The Imitation Game.

Me har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Sandberg og Rønning.

Kva vil du sjå i ein ny Pirates of the Caribbean-film? (Vil du sjå ein ny Pirates of the Caribbean-film?)