Kva gjer ein når ein har spelt inn ei rekkje filmar i Noreg – ofte sett i kalde, ugjestmilde miljø, med og utan zombiar – og er lei kulda?

Som for mange andre nordmenn, spesielt på denne tida av året, var svaret «eit varmare land» – spesifikt Thailand – når spørsmålet var «Kvar skal Kill Buljo 2 føregå?». Manusforfattar og hovudrolleinnehavar Stig Frode Henriksen svarar velvillig kva filmens handling er.

Jompa Tormann (Stig Frode Henriksen). (Foto: Tor Øra/Tappeluft Pictures)
Noreg er kaldt, lat oss dra til Thailand! (Foto: Tor Øra/Tappeluft Pictures)

– Den handlar om … nei …

– Ok, eg tar denne, skyt regissør Vegar Hoel inn.

– Filmen handlar om Jompa Tormann som er på hemntokt for å hemne sine slakta reinsdyr.

Rett og slett.

Anmelding: Kill Buljo 2: – Skamløst rølpete crazykomedie

– På mange måtar min «Apokalypse Nå»

I den første filmen hemna Jompa seg på dei som drap hans næraste familie, men i oppfølgjaren mistar han noko som er endå nærare – reinsdyra sine. Det visar seg at skurkane befinn seg i Thailand, der dyras gevir er malt ned til lokal naturmedisin, for potensproblem og liknande.

– Det er jo veldig … plausibelt? Me hadde veldig lyst til å ikkje vere på ein kald plass å spele inn denne filmen, for det har me gjort mykje, så tenkte me ‘Thailand, der er det god mat, og varmt, me prøver å legge handlinga dit’, slår Henriksen fast.

Vegar Hoel gjer sin spelefilmdebut som regissør med Kill Buljo 2, etter å ha teke over etter Tommy Wirkola. Han har tidlegare regissert ein episode av Tommy Wirkola-TV-serien Hellfjord, og synest det var eit privilegium å i det heile teke bli spurt.

– På mange måtar var det jo som min Apokalypse Nå – eg reiste nedover ei elv, og blei sakte, men sikkert gal. Det var veldig fint. Når eg er i land, og har fått fornufta tilbake, så ser eg tilbake på det som ei skjelsetjande oppleving!

– Det er jo ofte slik at ein har eit manus, men når ein står der på stranda og innser at vatnet forsvinn, og at me har to kilometer med gjørme rundt oss i staden for eit hav, så må det jo skrivast litt om.

Anmelding: Kill Buljo: – Jeg har sett langt dårligere filmer med 100 ganger større budsjett

Jompa Tormann (Stig Frode Henriksen) og Obi-Wank Tsjernobyl (Vegar Hoel). (Foto: Tor Øra/Tappeluft Pictures)
Referanseglad manusforfattar Stig Frode Henriksen og regissør Vegar Hoel som henholdsvis Jompa Tormann og Obi-Wank Tsjernobyl. (Foto: Tor Øra/Tappeluft Pictures)

– Me er veldige filmnerdar alle saman

– Om ein går inn for å tekkast alle, så tekker ein ingen på eit vis. Så me tek eit standpunkt der me gjer det me synest er morosamt, og me gjer det me trur formidlar, så tek folk det slik dei vil. Me har fått veldig god respons til no, så me trur framleis på vår eigen intuisjon, seier Hoel.

Heile Kill Buljo-prosjektet oppstod som ein slags hyllest til Quentin Tarantinos Kill Bill, ein anna filmskapar som er kjend for å låne element frå andre filmar igjen.

– Mykje av det me gjer er ikkje ein direkte parodi, meir ein homage, me nikkar til filmen meir enn at me tek utgangspunkt direkte i den og gjer narr, seier Hoel.

– Veldig mykje av dei nye parodifilmane – Epic Movie og dei der – parodierar berre nye filmar. Me synest det er artigare at ein kan hente ut meir klassiske filmar – slik me gjorde i 1-aren med Deliverance, og ting som ikkje er så openbart at ein treng parodiere.

– Me er veldige filmnerdar alle saman. Eg er litt samd i at dei store, veldig gode, parodifilmane iallfall er på life support. Dei siste nye parodiane, det er ikkje fantastisk bra, meiner Henriksen.

– Så gjer ein så mykje på Youtube, der er det jo i eitt bankande køyr, ein treng jo ikkje gå på kino lenger for å få det med seg, skyt Hoel inn.

Sid Wisløff (Tommy Wirkola) (Foto: Alen Grujic/Tappeluft Pictures)
Tommy Wirkola regisserar ikkje denne gongen, men har skrive manus, og gjentek rolla som politimannen Sid Wisløff. (Foto: Alen Grujic/Tappeluft Pictures)

– De har aldri vurdert Youtube som plattform for eigne filmar?

– Nei, det er ikkje stort nok, seier regissøren og ler.

Anmelding: Scary Movie 5: – Internett er parodiens boltreplass no

– «Død snø 2» er eit veldig unorsk prosjekt

Både Vegar Hoel og Stig Frode Henriksen er med i neste års Wirkola-oppfølgjar, Død snø 2, som nyleg vart annonsert til Sundance-festivalen. Nazizombiefilmen har denne gongen fått forsterkingar i form av eit amerikansk zombiedreparteam – leia an av Martin Starr:

– Eg er veldig fan av han i Freaks and Geeks, karakteren hans er ein av dei beste karakterane som har vore i ein TV-serie nokogong, seier Henriksen, som skreiv rolla med han i tankane lenge før han hadde sikra seg skodespelaren.

Hoel er nøgd med at ringen av skodespelarar i filmane deira er blitt større, og seier at den einaste skilnaden med amerikanske skodespelarar er meir kravstore managerar – som kravde ikkje-eksisterande, to centimeter breiare seter på flyet til Island, der filmen vart spelt inn.

– Til slutt sa me berre «Joda, me har fiksa dei gode flyseta», så svara dei «Topp stemning!», og så flaug dei med dei same flyseta som absolutt alle andre.

Ikkje heilt ulikt måten fjorårets Kon-Tiki vart Død snø 2 spelt inn i to versjonar, ein der dei norske skodespelarane snakkar norsk, og ein der alle snakkar engelsk for den utanlandske marknaden.

– Det var veldig unorsk prosjekt det òg. Det er artig å stå på sett og sjå tanksar som køyrer over politibilar. Det har eg ikkje vore med på på norske sett, seier Henriksen.

I tillegg er dei nettopp ferdige med manuset til pilotepisoden av den til den amerikanske remaken av TV-serien Hellfjord – som Showtime (bla. Dexter) kjøpte tidlegare i år. Henriksen vil framleis ikkje avsløre kvar serien skal finne stad, men seier at dei vil trekkje inn element ein aldri fekk sett i den norske serien:

– Det er likt, men òg ganske ulikt, for me har blanda inn ting som me hadde tenkt i den andre norske sesongen – som det no ikkje blir noko av. Det er nok litt meir ei blanding av dei to i den amerikanske versjonen, så det vert spennande å sjå om det blir noko av innspelinga.

Les også: «Død snø 2» får amerikanske forsterkingar

Kill Buljo 3 vil ta hemna attende til Noreg

Stig Frode Henriksen er litt overraska over merksemda filmane har fått utanlands. For figuren Jompa er på ingen måte ein likandes kar – noko som nok kan skuldast bakgrunnen hans.

– Ja, eg held på å skrive sjølvbiografien hans. Eller, det vil seie, Jompa skriv den – eg har sjølvsagt ingenting med den å gjere. Ei veldig tragikomisk, mørk historie, seier Henriksen.

Han og Hoel er skjønt einige i at det vil vere vanskeleg å finne barneskodespelarar dei kan utsetje for alt som vil dukke opp i denne boka, så dei er litt usikre på om den vil fungere som ein prequel til resten av filmane. I staden har dei allereie manuset for ein film nummer 3 klart, som tek hemna tilbake til Noreg.

– Eg og Tommy skreiv jo Kill Buljo 2 og 3, fordi det var meint som at dei skulle filmast samtidig. Men me hadde ikkje råd til det, så me får sjå. Om Kill Buljo 2 klarar å samle 250 000 på kino, så blir det jo ein 3-ar.

– Så han har framleis nokon han ikkje har hemna seg på?

– Hemnen er som ein tre-rettar, svarer Hoel.

– Den serverast varm … med tunfisk, og så tyttebær og moltebær til dessert, avsluttar Henriksen.