I løpet av sundag og måndag har Filmpolitiet-redaksjonens Maria og Andreas komt seg gjennom deler (fem episodar) av den (semi-)nye Netflix-serien Arrested Development. Kanselleringa etter den tredje sesongen i 2006 tilfredsstilte lommebøkene til Fox, men gjorde til at mange fans sat skuffa attende.

Netflix plukka opp serien igjen i 2011, og har no laga ein fjerde sesong der alle episodane – på Netflixsk vis – er tilgjengelege med ein gong.

Alle episodane fortel om omtrent det same tidsrommet frå éin og éin karakters synspunkt. På førehand sa serieskapar Mitchell Hurwitz at serien skulle kunne sjåast i kva rekkjefølgje som helst, men etter kvart har han uttalt at det nok er best å sjå dei i den presenterte rekkjefølgja likevel. Maria og Andreas forsøkte fleire tilnærmingar, og det følgjande er ein chat-samtale mellom dei to.

M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)
M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)

Intervju: Skodespelarane: – Arrested Development blir annleis

Kanskje litt for personfokusert?

Andreas: Kort oppsummert: Bra førsteinntrykk, men strukturen er uvant. Eller kva synest du?

Maria: Jeg merker at jeg nærmest kjeder meg når det er figurer jeg ikke bryr meg om, som f.eks George Senior, også synes jeg litt av magien i serien har vært de små kommentarene, blikkene, og faktene som i kommunikasjonen mellom figurene, og jeg synes ikke de funker helt optimalt uten hverandre.

A: Det er litt som om nokon har teke alle scenene til ein figur og klipt det saman som ein slags «best of Gob/best of Michael»-klipp. Men det er jo viktig at denne serien er designa for å sjåast i eitt. Slik sett er det jo spennande med nye tv-serieformer.

Sjølv om setninga “VI TENKTE PÅ DET SOM EIN 13 TIMER LANG FILM” er eit utruleg utslitt konsept når Netflix seier det i PR-oppladninga til kvar einaste TV-serie…

M: Jeg liker jo forsåvidt ideen om at hver figur har hver sin episode, da kan de som ikke liker Gob (ikke at det er mulig) hoppe over episodene med ham. Men jeg synes for eksempel at Lindsay og Tobias sliter uten å ha hverandre å spille mot.

A: Ja, ein del av dynamikken vert vekke når nokre skodespelarane ikkje har så mykje kontakt. Dialogar er jo i tillegg i stor grad teken opp utan at skodespelarane har vore i same rom, på grunn av stramme timeplanar for skodespelarane. «Green screen» har blitt brukt!

M: Mens f.eks Maeby vil klare seg veldig fint på egen hånd.

A: Og Michael sin rolle er jo å berre reagere på alt rundt seg, så han fungerar uansett.

M: Ja, ikke sant, men også han har jo bikka litt. Han som skal være «the voice of reason» har flytta sammen med George Michael på college, liksom.

A: Hehe.

M: Også ligger han med Lucille (2)… han begynner jo å nærme seg resten av familiens nivå av galskap.

A: ja, “the straight man” har blitt litt for ustreit.

M: Litt usikker på om jeg liker det, for den gjengen der trenger en vanlig fyr som kjører litt slalåm mellom all absurditeten.

Arrested Development. (Foto: Netflix)
Arrested Development. (Foto: Netflix)
Kos deg med å leite etter alle smådetaljane

A: Men smådetaljane er framleis på plass då, alt som er i bakgrunnen. Då Lindsay i ein episode irriterar seg både på til- og frå-fighten over personen som dyttar i setet bak ho, så VEIT ein jo at det kjem til å dukke opp i ein anna episode. Av og til nesten litt for opplagt?

– Coiiiincideeeeeeence

M: Jajaja, akkurat som den litt smårare nettbutikken.

A: mhm. Også det kameracrewet som er rundt omkring i bakgrunnen heile tida.

M: Hæ? Hvilket crew?

A: Du må følgje med! Dei var på flyplassen, blant anna.

M: Jo, der ja. Der så jeg dem. Og så strutsene da!

A: Ja, over alt.

Video: Første klipp fra nye «Arrested Development»: To uker til premieren – sjekk traileren her

Kva er det som står på skjorta til Tobias? Foto: Netflix)
Kva er det som står på skjorta til Tobias? (Foto: Netflix)
«Sjå det i kva rekkjefølgje du vil»-faktoren

A: Såg du det i den rekkjefølgja Netflix la fram? Kanskje eg bør prøve å sjå alle i totalt baklengs rekkjefølgje?

M: Jepp, og det er nok sånn man burde se det også. Mange vil sikkert starte på den siste episoden bare fordi man kan, men det fungerer overhodet ikke. Hurwitz overdrev nok litt med de tidlige løftene sine.

A: Eg testa å sjå det «out of order», 1, 2, 5, 4, 3. Det gjekk eigentleg heilt fint, iallfall på dei fem episodane, men den aller første, Flight of the Phoenix, bør uansett sjåast i starten. Når det ikkje er ein “naturleg sluttepisode”, så vert det jo kjapt litt antiklimaks når ein har sett alle.

M: Men faen, Andreas, da funker jo ikke den «neste episode starter om 10 sek»-greia, som er min favoritt-ting på Netflix.

A: Haha! Kanskje Netflix burde ha «ein tilfeldig episode starter om 10 sekunder» akkurat på Arrested Development?

M: Så ja, det er fiffig og artig lagt opp, men er det artig? Er spøkene morsomme? Er usikker. Høydepunkt for meg så langt: den nye «nevernuden», altså «ansiktsblind». Den likte jeg, og det er til og med fra en ny figur til universet!

A: Eg synest framleis det er gøy, men det er ikkje slik at eg storler. Dog, eg er ikkje eg blant dei største Arrested Development-evangelistane heller.

M: Jeg trives med at de er tilbake igjen, men høytfliringa kommer ikke før de etablerte vitsane, eller noen som har fått satt seg, får et slags klimaks. Som kyllingdansen eller juicen. Eller at Tobias er en svart mann.

Nye figurar kjem òg til – heldigvis. Her Isla Fisher. (Foto: Netflix)
Nye figurar kjem òg til – heldigvis. Her Isla Fisher saman med Jason Bateman. (Foto: Netflix)

A: Haha, what?

Manglar litt av gnisten mellom skodespelarane

M: Jeg har hørt rykter om at for eksempel Steve Holt kommer, og vi har garantert ikke sett det siste av cutoffsene til Tobias. Et gjensyn med «Ann, Who? – Ann, my girlfriend, Who?» hadde vært glimrende.

Men..eh, ok, så den fiffige frittstående dramarutgien er kul, men hva tror vi, kommer det til å gå ødelegge komikken som oppstår når alle er sammen?

A: Litt av den dynamikken vert vekke. Det er òg litt verre med dynamikken mellom ulike typer scener når ein – i all hovudsak – følgjer berre éin person kvar episode.

M: For eksempel i episoden som handler om George senior blir det veldig tydelig at de har tatt med en scene med Buster og mora der hun bruker han som en transportør for sigarettrøyken hennes siden hun ikke kan røyke inne, og ikke gå ut på verandaen på grunn av fengsels-fotlenka. I og for seg er artig, men som føles litt tvungen i en George Senior-episode at «nå må vi få inn noe annet her».

A: Det kjem garantert til å vere nokon som klipper saman episodane til ein «vanleg sesong» av serien. Om ikkje Netflix/Hurwitz gjer det sjølv, så kjem nokon andre til å gjere det – og leggje heile sulamitten ut på Youtube.

M: internett <3 A: internett <3 M: Men hva er dommen da? Fortsatt artig, men vi frykter at noe av dynamikken mellom figurene kan gå tapt i den fjonge dramaturgien? Eller er det vanskelig å si? Det kan jo hende man får pay-off når man ser flere.

A: At det er designa for å konsumeres alt-i-ett har kanskje påverka strukturen litt for mykje, men ein god del fans vil nok kose seg med å spole fram og tilbake for å BOLTRE SEG i dei interne referansane, men det er kanskje litt hardt for uinvidde. Ein vil uansett ikkje få noko utav det utan å ha sett dei føregåande sesongane.

Fjerde sesong av Arrested Development vart lansert 26. mai, klokka 10.00 – i perfekt tid til ein sløv sundag – for alle Netflix-regionane – òg Noreg.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.