Det er ikkje heilt uvanleg. To prosjekt dukkar opp, tilsynelatande utan ein direkte samanheng, men som omhandlar det same temaet eller det same opphavet. No tenderar eit klassisk filmmonster til å bli eit nytt tvillingpar i 2014. Frå før er det kjend at Aaron Eckhart skal spele ein mørkare versjon av monsteret i Stuart Beatties I, Frankenstein.

No er òg James McAvoy nært å få rolla som Dr. Frankenstein i Paul McGuigan (Lucky Number Slevin) sin versjon av eventyret, melder Deadline. I sistnemnde er det hjelparen Igor – i Daniel Radcliffe (Harry Potter) si skikkelse – som skal ha hovudrolla. Kven som skal spele sjølve monsteret er enno ikkje avklart.

Båe filmane skal ha premiere i 2014.

Ein av fjorårets Snøhvit-filmar. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).
Ein av fjorårets Snøhvit-filmar. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).

Les også: Nye roller for Harry Potter-stjernene

To (tre) Snehvit-filmar i fjor

Fenomenet er langt frå ukjend, og nyleg har to filmar om terroriståtak på Det Kvite Hus vore aktuelle på kinolerretet. Både Olympus has fallen og White House Down (kjem til Noreg i september) følgjer i utgangspunktet den same historia.

I fjor fekk me sjå to versjonar av det klassiske eventyret om Snehvit (eigentleg tre, men Disney kansellerte ein), barske Snow White and the Huntsman, og barnevenlege Lille speil på veggen der.

Dei siste åra er Grusomme meg og Megamind ein variant, men eksempla går så langt tilbake som slutten av 1939-1940 då Young Mr. Lincoln og Abe Lincoln in Illinois kom ut med rundt eit halvårs mellomrom. Og dette er ikkje ein gong medrekna alle lågbudsjettskopiane som Asylum, og liknande kopiselskap, står bak.

Den klassiske Dr. Frankenstein fra 1931. (Foto: Universal)
Den klassiske Dr. Frankenstein fra 1931. (Foto: Universal)

Les også: Asylum-kopiar: – Er desse litt for like?

Mange ulike versjonar av Frankenstein

Mary Shelleys bok Frankenstein; or, The Modern Prometheus frå 1818 har inspirert mange gjenforteljingar opp gjennom århundra, anten det er dei seriøse adapsjonane med Boris Karloff frå 30-talet, eller parodiar som Young Frankenstein frå 1974. Også dei to 2014-versjonane verkar å vere heilt ulike vesen.

På den eine sida har ein den Igor-sentrerte historia skriven av Max Landis (Chronicle), som lover å vise deg eit monster du eigentleg ikkje har sett før «det beste han har skrive» ifølgje han sjølv. På den andre sida har ein I, Frankenstein, basert på teikneseria av Kevin Grevioux (Underworld), der monsteret vert fanga i kampen mellom to udødelege familiar.

Anmelding: Frankenweenie: – En mørk og morsom Frankenstein-hyllest!

Ingen av filmane har fått trailerar enno, men her er ein «stemningsplakat» for I, Frankenstein, som har planlagd premiere komande januar:

Kva versjon av Frankenstein verkar mest interessant?