Og dermed var endå eit kapittel i TV-historia ferdig. Breaking Bad, serien som starta med reaksjonen «lol, pappaen i Malcolm i Midten er skalla», men etter kvart vart til noko betrakteleg større.

I natt gjekk den siste episoden på amerikansk TV (og britisk Netflix), og den førebelse tilbakemeldinga er overveldande positiv.

Etter at første del av femte sesong vann Emmy for beste dramaserie og beste kvinnelege birolle (og seriens hovudpersonar Bryan Cranston og Aaron Paul har vunne fleire Emmyar tidlegare år), har det vore knytt stor spenning til korleis serieskapar Vince Gilligan ville avslutte serien.

«Breaking Bad» sin hovudrolleinnehavar Bryan Cranston er blant dei som er rekna som sannsynlege prismottakarar. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)
Easy-peasy-lemon-squeezy. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)

«Dexter» dårleg, «Breaking Bad» rett?

Serieavslutningar er vanskeleg. Skal ein knyte opp alle trådar eller late det vere nokre igjen? Spesielt vert den nok samanlikna med Dexters avslutningsepisode for to veker sidan, som møtte mykje kritikk for å vere enormt skuffande, både frå fans og anmeldarar. Breaking Bad vert derimot stort sett omtalt som veldig tilfredsstillande.

– Eg ville sjå den spesielle kjensla som kjem når flaks og menneskeleg vilje møttest for å skape mirakler. Og i denne serien har det hendt med Walt om og om igjen – for å hjelpe egoet hans. Slutten er frykteleg, men vegen dit har vore berusande, seier Donna Bowman i AV Club.

– Frå eit kritisk synspunkt har [Vince Gilligans] feilsteg vore minimale, nærast uendeleg små, og den enorme bragda der er – og kvar i hierarkiet det set Breaking Bad i TV-verdas gudeverd – er umogelege å undervurdere, skriv Tim Goodman i Hollywood Reporter.

Nokre meiner at slutten nesten er for pent gjort, deriblant HitFix’ Alan Sepinwall som beundrar serien for evna til å setje prikken over alle i-ane:

– På grunn av det kjennest ikkje Felina som juks, eller eit feilsteg, eller å strekke det for langt. Dette er ei av dei beste TV-seriane i mi levetid, og ingenting i konklusjonen forandrar det.

Han seier derimot at det er ei god avslutning frå Gilligans synspunkt, og at han er heldig som har fått avslutta det slik han vil. Emily Bazelon i Slate er samd:

– Den siste timen var fylt til randa med kjærleik, til begeret rann over. Kanskje dette vert oppfatta som sentimentalt av nokre sjåarar. Kanskje eg burde ha kritisk distanse for å sjå det. Men eg vil ikkje. Eg er heilt tilfredsstilt. Serien snudde seg inn-ut, og det let meg sjå heile historia – alle timane som leidde fram til dette – på ein måte eg aldri har sett det før.

Les også: Elsk/hat: Serieavslutninger

Dean Norris og Bryan Cranston i Breaking Bad (Foto: Sony Pictures Television).
Dean Norris og Bryan Cranston i Breaking Bad (Foto: Sony Pictures Television).

Kva no?

Så kvar går me no? Bryan Cranston skal spele i blant anna Godzilla og historia om kommunistforbodet i Hollywood. Aaron Paul har hovudrolla i – den for pompøse? – filmadapsjonen av bilspelet Need for Speed. Anna Gunn held fram i TV-verda, sist med forsøket på TV-piloten Rita som ikkje førte noko stad, og Vince Gilligan har allereie fått eit nytt show – detektivdramaet Battle Creek.

– Kvar historie har si bestemte lengde, og det er vanskeleg i TV å vite kor lang tid det skal vere. Folk har spurt meg, ‘Får du lyst til å lage ein haug med episodar til?’ Tvert motsett. Det får meg til å tenkje at me verkeleg valde den rette augneblinken til å gå av scena, og eg er endå meir sikker på det enn før, seier Gilligan i eit ELLES SPOILERFYLT intervju med Entertainment Weekly.

Sjølv har me ikkje heilt fordøyd det heile, og tannhjula knirkar framleis rundt alt frå (SPOILER I LINK: 1.-5. sesong) fargane på kleda til om det eigentleg er ein helt i denne fantastiske serien. Det vert absolutt meir om siste sesong av Breaking Bad på Filmpolitiet i løpet av dei komande dagane.

Les også: Advokaten Saul Goodman får sin eigen spinoff-serie
Videointervju, Bryan Cranston: – Mitt livs rolle
Videointervju, Dean Norris: – Den eneste med moralen i behold!

TVNorge Max sendte episode 13 av 16 i går kveld, siste episode vil då gå på tradisjonell TV den 20. oktober.

Kva synest du om serien? Prøv å halde det spoilerfritt inntil vidare!