Bryan Cranstons første rolle etter Breaking Bad er klar. Han skal spele manusforfattaren Dalton Trumbo (Spartacus, Papillon), i ein Jay Roach-regissert (Spionen som spermet meg, The Campaign) film, melder blant anna Deadline. Cranston har spela i fleire filmar før, men hovudsakleg som ulike biroller (Drive, Operasjon Argo).

Dalton Trumbo var den best betalte manusforfattaren i Hollywood på 40-talet (og kommunistpartimedlem i USA), inntil han vart fengsla for å nekte å svare på spørsmåla til Un-American Activities Committee – kommisjonen satt ned av Joseph McCarty for å etterforske kommunistar i USA etter andre verdskrig.

Eit av dei skarpe breva frå Dalton Trumbo – denne gongen til telefonselskapet – lest av Paul Giamatti

Etter at han hadde sona straffen sin gjekk han inn for å bryte boikottane, blant anna ved å skrive manus (og vinne to Oscar) under falske namn – og ved å brenne mange bruer i Hollywood.

Les også: Cranston om Breaking Bad: – Mitt livs rolle

Komedieregissør

Resultatet vart til slutt at studioas svarteliste vart fjerna. Historia om Trumbo har blitt filmatisert tidlegare, både så tidleg som 1950 – i filmen The Hollywood Ten – men òg så seint som i 2007 då sonen Christopher laga ei dokumentarisk skildring basert på breva til faren.

For tida spelar Cranston på teaterscena, medan den siste episoden av Breaking Bad går den 29. september (30. i Noreg på TVNorge MAX). Blant filmane han har spelt i medan Breaking Bad hadde pause i 2012 er Godzilla, som er venta på norske kinoar i 2014.

Trumbo er skriven av John McNamara (Lois & Clark, Fastlane), basert på ei bok om hendingane av Bruce Cook. Filmen skal starte innspeling i 2014.

Regissør Roach kan kanskje verke som eit merkeleg val, ettersom han er mest kjend for komediane om Austin Powers og Meet the Fockers-filmserien, men i fjor vann han 3 Golden Globes for TV-filmen Game Change, eit seriøst politisk drama frå verkelegheita med Julianne Moore i rolla som den republikanske politikaren Sarah Palin.

Sidan Bryan Cranston sikkert ikkje vert Lex Luthor i Man of Steel 2 likevel – er dette ei grei erstatning?