– Ein god barne- og ungdomsfilm treng dei same kvalitetane som ein film for eit vakse publikum. Og eg trur dei beste filmane for oss som eit vakse publikum, er ting som kan utvide horisonten vår, og tenke over ting i samfunnet og liva våre.

Christian Lo. (Foto: Filmbin)
Christian Lo. (Foto: Filmbin)

Regissør Christian Lo har premiere på De tøffeste gutta denne veka. Filmen er basert på Arne Svingens bok med same namn, og tek ei humoristisk tilnærming til mobbing, eit tema som gjerne har vore prega av mørkare historier.

Mobbeofferet Modulf ser på seg sjølv som ein slags superhelt, som «redder» andre frå å bli mobba.

– Det var ei sprek historie, ei annleis historie om mobbing. Eg trur kanskje eigentleg humor er ein god måte å kunne nærme seg alvorlege problemstillingar på. Nokre gongar kan drama bli for tungt, seier Lo.

Anmelding: De tøffeste gutta: – Makter å være morsom om mobbing

Christian Lo er vant til triste historier om mobbing, og ville gjere noko anna. Resultatet er ein film som òg har hatt samarbeid med antimobbeorganisasjonen MOT. Men humoren til trass, Los film har det mørke i botnen.

– Det eg har prøvd å få til med denne filmen, og som eg håpar eg har klart, er å få til ein film med ei stor spennvidd i kjensler og stemningar. Den har jo i seg alt frå crazykomedie til djupt alvor på den andre sida, seier han.

– Karakterane er jo sett litt på spissen. Eg har vel eigentleg med vilje gjort dei vaksne litt dumme i denne filmen, og ein kan jo kanskje seie at i verkelegheita ville me ikkje ha vore så dumme, men eg trur diverre at i verkelegheita så er det kanskje så dumme vaksne opplevast av barna.

Anders Baasmo Christiansen spiller læreren i De tøffeste gutta (Foto: Filmbin/SF Norge).
Anders Baasmo Christiansen speler den litt fjerne læraren i filmen (Foto: Filmbin/SF Norge).

– Norsk barnefilm står sterkt

I den store samanhengen er Noreg eit lite filmland, som i stor grad er avhengig av filmstøtte. Til årets Amanda-utdeling var det berre tre filmar det var mogeleg å vurdere for barnefilmprisen, mot neste år er det derimot nærare sju.

– Det er eit kjempepositiv utvikling, og eg synest jo eigentleg det er viktig at det er eit såpass tilbod for det unge publikummet i Noreg òg.

Lo seier at problemet har vore at det er litt for tilfeldig om det er filmar for born- og ungdom som får støtte. Han meiner me skulder det yngre publikummet eit tilbod av norske filmar.

Sondre Blakstad Henriksen som Modulf i De tøffeste gutta (Foto: Filmbin/SF Norge).
Modulf skjuler mobbinga frå dei vaksne, og ser på seg sjølv som helten skulegarden fortener. (Foto: Filmbin/SF Norge).

Les også: Kun tre barnefilmar kom til vurdering for årets Amanda-pris

Spesielle støtteordningar og mogelegheita for ein eigen barne- og ungdomsfilmkonsulent ser han på som mogelege alternativ i konkurranse med storfilmane frå dei internasjonale underhaldningsselskapa.

– Så klart, Disney og dei er jo bautaer, seier Lo og ler.

– Tradisjonelt sett så står faktisk norsk barnefilm sterkt i forhold til ryktet det har til det norske publikum. Og det er jo ein anna type filmar òg, enn dei som kjem frå Hollywood. Så eg trur jo det er plass til både norske filmar og Hollywood-filmar for dei yngre.

Båe filmane hans, Bestevenner (om asylpolitikk) og De tøffeste gutta, omhandlar alvorlege tema. Men han vil ikkje seie at barne- og ungdomsfilm direkte skal ha ein oppdragande funksjon – men det hjelper jo om dei kan få folk til å tenkje:

– Både med Bestevenner og De tøffeste gutta er vel målet mitt å lage underhaldande filmar. Faktisk. Men det er slik at eg tenkjer «ja, takk, begge deler». Eg håpar både å ha laga ein film som er humoristisk og spennande, men som kanskje kan få opp augo til folk, og få dei til å tenkje litt sjølv.

Kan film bekjempe mobbing?