Homeland har vunne Emmy på Emmy, men opphavet er den israelske serien Hatufim (hebraisk for «de bortførte»), som på norsk har fått tittelen Hjemkomsten. Asbjørn Slettemark, programleiar i Pyro og bloggar på OP-5.no, har skrive varmt om serien tidlegare, og anbefaler den gjerne.

Trass i at Homeland er basert på Hjemkomsten, er det mange skilnadar – som det strengt talt burde vere i alle adapsjonar. Slettemark trekk spesielt fram at det i større grad er eit drama, enn det meir actionprega Homeland:

– Serien speler meir på dei mellommenneskelege tinga, meir på korleis samfunnet tek i mot nokon som har vore vekke lenge, og har vore anteken død. I Homeland var Brody vekke i åtte år, i Hjemkomsten har dei vore vekke i 17. Fremmedleggjeringa av dei heimkomne er sterk, og tanken om at dei høyrer ikkje heime, seier han.

Asbjørn Slettemark. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)
Asbjørn Slettemark. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

– Karakterane er òg snudd litt på hovudet. Det er eit meir komplekst rollegalleri, der dei ulike personane er mindre tydelege på om du skal like dei eller ikkje.

Anmelding: In Treatment: – Basert på den israelske serien BeTipul

Men framleis mykje likt

Han nemner spesielt éin person som verkar som ein helt i den amerikanske versjonen, og «enormt skurkete» i den israelske. Av omsyn til spoiler-land, let eg vere å ta med detaljane. Noko er derimot framleis veldig likt, og ikkje berre premissen om heimvendne krigsfangar.

– Mange av spenningselementa er dei same. Morsekodar med fingrane, og så vidare. Dei to seriane er rimeleg tett opp til kvarandre, men i den amerikanske skrur dei opp tempoet. Den israelske er meir saktegåande drama.

Trass at serien tek stad i eit politisk betent område, er ikkje Israel/Palestina-konflikten eit sentralt emne. Og kanskje eit drama på hebraisk kan vere spennande for dei som stort sett berre ser skandinaviske eller engelskspråklege TV-seriar? Eventuelt berre som ei opplading til sesong 3 av Homeland, som kjem i slutten av september.

– Det høyrest jo kanskje rart ut med drama på hebraisk, men eg trur mange vil late seg fange av den. Den kan få eit veldig stort nedslagsfelt, sjølv om det ikkje er Homeland!

Anmelding: Homeland S02: – En intens fortsettelse på terrorthrilleren

«Hjemkomsten»?

Eg spurte forresten Twitter kva dei synest om den – litt tamme? – norske tittelen Hjemkomsten. Dette er det dei svara:

Og til slutt:

Ouch?

Første sesong av «Hjemkomsten» får norsk TV-premiere på NRK2 og NRK nett-TV 12. september, klokka 21.30. Serien er òg tilgjengeleg på Netflix.