Hisham Zamans førre film Før snøen faller handla om flyktningars veg til Noreg. Denne gongen tek han for seg dei som allereie har kome hit.

Ei utflukt til Oslo er filmens sentrale historie. Fem lagnader frå eit nærliggande asylmottak med kvar sitt gjeremål. Mest sentralt, som ein slags forteljar, er 83 år gamle «onkel» Mirza (ein vidareført figur frå novellefilmen Vinterland) som personleg vil levere sitt brev til Kong Harald – ei bøn om å få eit pass, så han kan forlate landet.

Dei fem personane er drivne av kvar sin agenda, meir eller mindre desperate, og ynskjer å nytte turen til å oppnå eit mål. Det vekslast mellom historiene, som tek oss til ulike deler av Oslo og menneska som bur der.

Anmelding: Før snøen faller: – Jeg er med på reisen som Siyar legger ut på

Ein ung gut på veg til å treffe ein kjenning frå internett, men må passe på ein trassunge. Ei ung kvinne med hemn i blikket. Ein kampsport-«Champion» på jobbjakt. Ein mann som skal treffe ei kvinneleg elskar – som han insisterer på er 25 år gammal. Og ein mann med eit langt blikk som berre treng pengar.

Brev til kongen. (Foto: Storytelling)
Brev til kongen. (Foto: Storytelling)

Alle spelt av amatørskodespelarar.

Mistar noko av formidlinga

Hisham Zaman er ein karakteristisk filmskapar, som klarer å plassere mykje meining og handling inn i dei minste, enkle replikkutvekslingar og bilete. Diverre lir filmen litt av at ikkje alle skodespelarane er i stand til å formidle det Zaman gjerne skulle ha hatt ut.

Brev til kongen vert slik litt ujamn innimellom dei verkeleg flotte augneblikka. Eg falt spesielt for filmens vare, kulturkryssande kjærleikshistorie, men den sminkar heller ikkje over kva problem isolasjonen kan føre til.

Om det betyr at Zaman burde ha kutta nokre historier for å gi meir plass til dei andre får stå ubesvart – det ligg ein godt formulert tanke bak kvar person, som gjer meg interessert å vite meir enn filmens 75 minutt gir meg.

Anmelding: De andre: – Tung film, tung agenda

Det er eit realistisk og rått Oslo me får servert, kaldt og surt for filmens hovudpersonar. På ein benk, sitjande framfor Slottet, ser me Mirza vente på ei mogelegheit for å levere sitt brev til kongen – eit av mange visuelt slåande bilete. I likskap med filmens hovudpersonar har også Zaman ein agenda, den er ikkje like hardtslåande som i Margreth Olins dokumentar De andre, men skal også vise stillstanden desse menneska finn så livsøydeleggjande.

Brev til kongen handlar om desse menneska fanga i limbo, ein stad midt mellom to verdener – ofte utan sjanse til å reise verken fram eller tilbake. Eg føler på frustrasjonen deira i ein sterk film, som saknar det vesle ekstra på skodespelarsida.

Om FILMEN

Brev til kongen
  • Brev til kongen
  • Slippdato: 17.01.2013
  • Regi: Hisham Zaman
  • Utgiver: Storytelling
  • Originaltittel: Brev til kongen
  • Sjanger: Drama