Korleis klarar Girls å få dysfunksjonalitet til å verke forlokkande? TV-serien om dei fire bortskjemde Brooklyn-jentene, og livet rundt dei er like flaut, like spisst, og like morosamt som tidlegare.

Som sjåar gledar eg meg stort over kvardagen deira, men eg er framleis like forvirra – er dette eigentleg folk eg kunne ha tenkt meg å henge med? Neppe.

Marnie har blitt helsefreak. (Foto: HBO)
Marnie har blitt helsefreak. (Foto: HBO)

Tredje sesong opnar med våre fire hovudpersonar i sine nye miljø – Hannah (Lena Dunham) har fått fast følgje igjen, Marnie (Allison Williams) er singel sunnheitsdronning.

Jessa (Jemima Kirke) er på rehab, og Shoshanna (Zosia Mamet) har byrja eit studieregime der ho vekslar mellom å vere ansvarleg og uansvarleg student annakvar dag.

Les også: «Girls» fornya for fjerde sesong

«Fordi du fortener det»

Eg har snakka med mange som ikkje likar Girls, som meiner at figurane si sjølvforherligelse er problemet – dei er så sjølvopptekne at dei knappast klarar å starte ei setning utan «eg». Firkløveret er i-landsproblema sine yppersteprestinner, med kvar sitt angrepspunkt på verda.

Dette er generasjonen som har sett det perfekte liv på film og TV sjølv, og skapt seg eit bilete av verda slik dei håper den kjem til å ta imot dei – «fordi du fortener det», som reklama seier. Visst er det irriterande, men det er den pinleg ærlege tilnærminga som fangar meg igjen og igjen.

Med «noko innan media» som fremste mål i livet må det bli gnisningar i møte med røynda. Alle her er irriterande – med viten og vilje frå manusforfattar og serieskapar Lena Dunham si side – og det er dei store ambisjonane som er problemet, ei tidsånd som Girls klarar å hekte seg på.

Ray i Girls. (Foto: HBO)
Ray <3 (Foto: HBO)[/caption]
Småpludder med same alvor som det alvorlege

Og ja, det er poenget med serien for meg. Det er for mange film- og tv-historier med anten perfekte figurar, i det verste fall med ulemper på linje med jobbintervjuets «øhm, ja, altså, eg kan vere litt for perfeksjonistisk av og til, altså, hehe».

Menneska i Girls har karakterbrister som kan kløyve ein betongvegg i to – når Hannah set seg ned på bakken etter 50 meter med natursti, fordi det er befriande for menneskesinnet å kunne seie nei til ting dei hatar, så gir det gjenklang i den delen av generasjon som gjenspeiler dei kreative tomme tønnene.

– Kjedsomheit er «bullshit». Kjedsomheit er for late folk utan fantasi, seier Adam (Adam Driver) sannferdig, ein mann som får skryt for å kaste livet sitt til sides for å passe på Hannah. At han eigentleg ikkje har noko liv å kaste til side, er sanninga som lurar i bakgrunnen ein stad.

Serien er – trass nokre forandringar – meir forutsigbar i sin tredje sesong. Me veit no at ein skråsikker og semi-djup debatt om ein ven sitt mentale liv raskt kan veksle til ein endå skråsikrare debatt om uttalen på eit kjendisnamn. Måten serien behandlar trivielt småpludder med same alvor som… vel… faktisk alvor, har alltid vore ein av dens aller beste sider.

Anmelding: Frances Ha: – Det er sjølvsagt min generasjon som skapar dei beste historiene om den retningslause unge

[caption id="attachment_191273" align="alignnone" width="750"]Lena Dunham, Jemima Kirke, Zosia Mamet og Allison Williams, som spelar hhv. Hannah, Jessa, Shoshanna og Marnie i «Girls». (Foto: HBO) Lena Dunham, Jemima Kirke, Zosia Mamet og Allison Williams, som spelar hhv. Hannah, Jessa, Shoshanna og Marnie i «Girls». (Foto: HBO)
Kven skal gi oss håp for dagens 20-somethings denne gongen?

I første sesong var det Hannah som gjennomgikk den største dimensjonelle utviklinga, i andre sesong var det – utan tvil – Shoshanna som slo til i kampen for å bli vaksen. Etter ein halv tredjesesong er eg litt usikker på kven det er som skal ta steget opp og vise at det kanskje er håp for den oppveksande generasjon denne gongen, men det kjem sikkert snart.

Skal me lite på Jessa eller Shsohanna denne gongen? (Foto: HBO)
Skal me lite på Jessa eller Shsohanna denne gongen? (Foto: HBO)

Alvoret til trass, serien er mest morosam. Når den set kresne unge vaksne på spissen, og gjerne opp mot kvarandre, ler eg til eg har vondt i sidene.

Det er noko sjølvreflektivt her, kanskje eg berre ser serien for å plukke opp triks for ikkje å vere irriterande? Haha, eg er glad eg ikkje er slik, tenkjer eg. Noko eg for så vidt tenkjer når eg ser narkotikadramaet Breaking Bad òg, men på ein litt anna måte.

Lena Dunham balanserar på ei line mellom det overfladiske irriterande og det som ligg bak kvifor irritasjonen er der til å byrje med. Etter kvart som fjerde sesong byrjar å nærme seg vert ho nøydd til å riste litt på formelen for å halde dampen oppe – men tredje sesong er inntil vidare omtrent like sterk som tidlegare.

Les også: Mener Girls er gammeldags

Og ja, folk er nakne no og då. Sånn heilt vanlege folk. Med valker og sovemerker og alt – til og med medan dei snakkar kvardagsleg med andre folk, og ikkje nødvendigvis prøver å vere sexy framfor kameraet. Deal with it.

Om SERIEN

Girls
  • Girls
  • Slippdato: 13.01.14 – på C-More Series måndagar 20.00 og HBO Nordic
  • Sesong: 3
  • Regi: Serieskaper: Lena Dunham
  • Utgiver: HBO
  • Originaltittel: Girls
  • Sjanger: Drama, Komedie, TV-Serie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.