Det er ein sjølvforsterkande syklus. J.J. Abrams har haldt korta tett til brystet når det gjeld hans komande Star Wars-prosjekt, noko som sjølvsagt fører til vill spekulasjon frå fansen (og media) si side.

Etter kvart som innspelinga nærmar seg – som ikkje er om særleg lenge, i ærverdige Pinewood Studios utanfor London – må iallfall produksjonsselskapet ha nokre skodespelarar på plass etter kvart. I helga dukka eit par nye spennande namn opp i rykteflaumen.

Jesse Plemons (Friday Night Lights) er blant dei meir interessante. Han er best kjend frå rolla som psykopaten Todd «Meth Damon» Alquist i Breaking Bad, men har ingen andre storprosjekt på veg for tida. Ifølgje The Wrap har han levert ein auditiontape som har blitt godt motteke av castingbyrået, noko som har ført til at han har blitt kalla inn til ein andre audition. Nyhendestaden siterer fleire ulike anonyme kjelder.

Adam Driver er oppadstormande i Hollywood, men best kjend frå «Girls». (Foto: HBO)
Adam Driver er oppadstormande i Hollywood, men best kjend frå «Girls». (Foto: HBO)

Den same sida har rapportert at Adam Driver (Inside Llewyn Davis) er ynskja i ei rolle i filmen, men at det krasjar med rolla hans i Girls – noko som førebels hindrar han frå å vere med. THR rapporterer i tillegg at Hugo Weaving er augna for ei rolle som ein imperiekommandør – ein av dei slemme sine militærleiarar.

Den siste det har storma rundt er Michael Fassbender (Prometheus), som skal ha møtt Abrams allereie i desember, for ei rolle i filmane. Ingenting av dette er bekrefta enno.

Anmelding: Star Wars: The Complete Saga

Kven til kva roller?

Ved sidan av skodespelarrykta har nye detaljar om korleis Star Wars-veteranen Laurence Kasdan har sat sitt preg på manuset til den sjuande filmen dukka opp.

Etter at manusforfattar Michael Arndt gav seg hausten 2013 skal regissør J.J. Abrams og Kasdan vridd fokuset frå borna til hovudpersonane i dei tre originale filmane til nettopp Han, Luke og Leia. På denne måten kan regissøren bunde saman dei gamle og nye filmane på ein betre måte, spår fleire filmbloggarar og bransjeanalytikarar.

At dei nye filmane også vil omhandle borna til Luke, og Leia og Han, er eit populært rykte. Det same er at den fælslege generaladmiral Thrawn, best kjend frå Timothy Zahns «Thrawn»-trilogi om åra etter Star Wars Episode VI: Return of the Jedi, vil vere ein sentral figur.

Ein kjapp diskusjon internt i Filmpolitiet plasserer helgas heitaste skodespelarnamn i følgjande roller:

  • Jesse Plemons som Luke Skywalker eller som Skywalkers son, Ben
  • Michael Fassbender som Han Solo
  • Hugo Weaving som generaladmiral Thrawn
  • Adam Driver som Han Solos son, Jacen

I fjor haust gjekk skodespelar Saoirse Ronan ut og sa at «alle» hadde vore på Star Wars-audition, THR melder at det same framleis gjeld. Abrams er velkjend for å legge ut falske spor og late vere å bekrefte handlinga i filmane sine, for å halde på spenninga fram mot lansering.

I mellomtida har Lucasfilm for lengst sett i gang PR-maskineriet sitt, og i helga la Peter Mayhew – som spelte hårballen Chewbacca – ut bilete frå innspelinga av dei tre første filmane. Du finn alle på Twitterprofilen hans, @TheWookieRoars.

Star Wars: Episode VII (som enno ikkje har fått ein spesifikk tittel) siktar framleis mot premiere den 18. desember 2015. Forvent diverse bekreftingar i vekene som kjem.

Kven meiner du passer best i kva roller? Del dine meiningar i kommentarfeltet.
Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.