I det som absolutt må seiast å vere superheltens tid på kinolerretet, så er det sjølvsagt ikkje slutten for Spider-Man heilt enno. I går uttalte Sony at dei òg absolutt er i ferd med å byggje ein storfranchise ut av den menneskelege edderkoppen.

– Me utvidar Spider-Man-universet til The Sinister Six og Venom, slik at me har éin Spider-Man-film kvart år, seier Amy Pascal – sjef for Sony Pictures Entertainment ifølgje Variety.

2012-filmen med Andrew Garfield og Emma Stone i hovudrolla vart ein såpass stor suksess for selskapet at dei har sett i gang fleire prosjekt. I desember i fjor vart det klart at Alex Kurtzman skal regissere på ein film om Edderkoppens erkefiende Venom, basert på eit manus han har skrive saman med sin faste manuspartnar Robert Orci (Star Trek, Cowboys & Aliens).

Les også: Mer Spider-Man i 2016

Men først kjem Amazing Spider-Man 2 til Noreg den 25. april. Denne gongen er den straumførande skurken Electro (Jamie Foxx) som vert hovudmotstandar.

Regissør Marc Webb (500 Days of Summer og Amazing Spider-Man-filmane) er allereie hyra inn for ein tredje film i rekkja etter denne med planar om ein fjerde, også med manus av Alex Kurtzman, Roberto Orci, og Jeff Pinkner. Dei to andre seriane får òg sannsynleg oppfølgjarar om den første filmen er ein suksess.

Anmelding: The Amazing Spider-Man: – Velsvingande gjensyn, men litt på autopilot

Superheltlandskapet i åra som kjem

Det er for tida fire filmstudio som kranglar om superhelttrona. Disney/Marvel med sine Avengers-filmar, Fox som ladar opp på nytt med Fantastic Four og sine X-Men-filmar, Warner Bros som har Batman og Supermann under sine vengjer, og Sony Pictures som no skrur til skruane på sitt edderkoppunivers.

Fox og Sony er faktisk nøydde til å lage filmar av heltane dei eig, om ikkje vil rettane falle tilbake til teikneserieselskapet Marvel (og dermed Disney).

I teikneseriene kjemper Spider-Man side om side med Captain America og dei andre Avengers-heltane. (Foto: Marvel)
I teikneseriane kjemper Spider-Man side om side med Captain America og dei andre Avengers-heltane. (Foto: Marvel)

I teikneserieversjonen er Spider-Man ein del av Avengers-laget, men grunna salet av figurens filmrettar ein gong på 90-talet er det lite sannsynleg at dei vil møtest på kinolerretet.

Warner Bros har derimot alle rettane hjå teikneserieselskapet DC, og står slik friare til å velje og vrake blant superheltar.

Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over

Dermed kan me vente eit lass med superheltfilmar også i åra som kjem, etter kvart som fleire og fleire selskap forsøker å gjere det som Marvel har nokre års forsprang på, med eit tosifra antal komande filmar. Eg nemner i fleng:

Dette er i tillegg til hittil ukjende prosjekt som sikkert kjem til å dukke opp i løpet av åra som kjem, blant anna snakkast det mykje om ein Doctor Strange-film frå Marvel for tida. Venom og Sinister Six, nemnd tidlegare i artikkelen, har heller ikkje fått premieredatoar enno.

Kan det nokosinne bli for mange superheltfilmar?