Ultron er den nye skurken i «Avengers»-oppfølgeren. (Foto: Marvel)
Ultron er den nye skurken i «Avengers»-oppfølgaren. (Foto: Marvel)

På årets Comic-Con avslørte regissør og manusforfattar Joss Whedon kva figur som skulle vere den vonde skurken i Avengers 2. No har Marvel kunngjort at det er Emmy-vinnande James Spader (Boston Legal, Stargate) som skal spele roboten Ultron.

– Eg elskar Ultron som figur, fordi han er så forbanna, sa Whedon tidlegare i eit intervju med Entertainment Weekly.

– Han er ikkje ein glad fyr, som betyr at han er ein interessant fyr. Han har smerte. Og måten det manifesterer seg på blir ikkje standard robotgreier,

Heilt korleis han skal portretterast i filmen er uvisst, men i teikneseria er Ultron ein kunstig intelligens skapt av vitskapsmannen Hank Pym (Ant Man).

Det har blitt antyda at opphavshistoria hans vil bli endra for filmens del, og når ein tenkjer på kor glad Ultron er i å nytte fjernstyrte robotkroppar, er det vel ikkje utenkjeleg at det er sjølvaste Tony Stark (Robert Downey Jr.) – som skapte ein hær av robotar i Iron Man 3 – som vert skurkens skapar.

Robert Downey Jr. på trommer, James Spader i publikum.

Les også: Nå blir det superheltkrøll for Marvel

Arbeider samtidig med TV-serie

Det vil i så fall ikkje bli første gong Spader og Downey Jr. er på lerretet saman, dei spelte i ungdomsfilmen Tuff Turf frå 1985. Stemninga vil nok bli ein litt anna i superheltfilmen Avengers 2: The Age of Ultron.

James Spader arbeider for tida òg med The Blacklist, ein NBC-serie der han speler Ray Reddington – forhandlar for verdas største kriminelle, og etterfølgt av FBI. Serien får norsk premiere på TV3 i haust (sjå trailer i botnen av artikkelen).

Korleis ein eventuell andresesong av denne serien vil krasje med innspelinga av filmen vitast ikkje, Marvel har heller ikkje avslørt om Spader skal spele Ultron gjennom «motion capture» – som Mark Ruffalo gjorde med Hulk i den førre filmen – eller om han berre skal stemmelegge figuren. Avengers 2: Age of Ultron får norsk premiere 1. mai 2015.

Les også: For mange store kinofilmar i 2015?

Spader er vant til å spele latterleg intelligente figurar, kva trur du om hans Ultron?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.