2014 vert det store andresesongsåret for Netflix. House of Cards sesong to er allereie ute, og på trappene står blant anna Hemlock Grove og Orange is the new black. Sistnemnde, ei dramakomedia frå eit kvinnefengsel, har no fått lanseringsdato og ein liten teaser.

Videoen vart vist på avslutninga av House of Cards sesong 2 og avslørar at lanseringsdatoen er den 6. juni i år.

Serien handlar om Piper Chapman (Taylor Schilling) som vert sett i fengsel for ei 15 år gammal kriminell handling. Dermed vert ho dratt ut av middelklasseitilværet sitt og inn i eit samfunn ho aldri har vore borti før. Andre sesong vil halde fram der den første slutta.

Anmelding: Orange is the new black S01 E01-06: – Klarar å vere både oppdatert og spenstig, men samtidig varm og lun

Orange is the new black er basert på Piper Kermans bok med same namn, basert på hennar eigne opplevingar om eit år bak lås og slå. Kerman kjem til Noreg i nær framtid, som gjest på Krimfestivalen i Oslo 6.–8. mars.

– Det er litt morosamt, og rart. Det er definitivt merkeleg å sjå nokre av augneblikka som var vanskelege, smertefulle hendingar, som komikk i serien. Men dei klarar det, og det er noko av det som er mest imponerande for meg, seier ho i eit intervju til NRK Filmpolitiet.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
«Orange is the new black» kjem attende den 6. juni.

Les også: Årets beste seriar: «OitNB» på sjette plass

Mange rollefigurar

Schillings rollefigur Piper er naturleg nok med vidare, men Laura Prepon som spelte ei sentral rolle i den første sesongen skal trappe ned litt. Pennsatucky (Taryn Manning), Crazy Eyes (Uzo Aduba), og Taystee (Danielle Brooks) skal no vere oppgradert til faste andlet i andre sesong.

Serien er skriven av Jenji Kohan (Weeds), som brukar mykje tid i serien på å fortelje historiene til medfangane. Eit klokt manusval, skreiv eg i anmeldinga av dei seks første episodane i sesongen:

– Det spesielle denne gongen er faktisk at kvinner er figurane, uavhengig av stereotypar og former ein skal presse dei inn i. Den tek seksuelle handlingar og legningar i alle former på alvor.

Kva synest du om fengselsserien?