Er det lov til å seie at Pixar har tapt seg litt? Animasjonsselskapet, som etter kvart har kome under Disneys styring, har ikkje levert filmar heilt på linje med sine tidlegare klassikarar dei siste åra – sjølv om dei nyaste heller ikkje nødvendigvis er dårlege.

Biler-gjengen i Tokyo i Biler 2 (Foto: The Walt Disney Company Nordic).
Biler-gjengen i Tokyo i Biler 2 (Foto: The Walt Disney Company Nordic).

I eit møte for aksjehaldarar avslørte Disney-sjef Bob Iger i går at det no er fleire oppfølgjarar på veg, frå selskapet som for åtte månader sidan sa at dei skulle fokusere meir på nye figurar. I tillegg til filmane som allereie er på veg avslørte han to nye prosjekt, ifølgje THR:

– Me har planar for ein ny Biler-film (Cars) og i tillegg til det arbeider Brad Bird med historia på ein ny De Utrolige-film (The Incredibles).

Ein tredje Cars-film var kanskje ikkje så overraskande, serien er Pixars mestinntenande, mykje på grunn av ulike franchise-leiketøy. Då er det meir spennande at Brad Bird (The Iron Giant, Rottatouille, Mission: Impossible – Ghost Protocol) arbeider med meir av den flotte superhelthistoria frå 2004.

Les også: Topp 5 Pixar-filmer: – Nei, du finn ingenting frå «Biler»-serien her

Blir først etter 2015

Filmen handlar om ei familie av superheltar som har trekt seg litt tilbake frå offentlegheita og blitt vanlege borgarar, men som må kome attende då ein fiende dukkar opp frå ingenting. Bird har snakka om ein oppfølgjar tidlegare, blant anna i 2007 då han regisserte Rottatouille:

Guillermo del Toro vil at Brad Bird skal regissere Star Wars. (Foto: AP Photo/Evan Agostin, NTB Scanpix).
Men først må Brad Bird gjere ferdig sci-fi-filmen «Tomorrowland». (Foto: AP Photo/Evan Agostin, NTB Scanpix).

– Eg elskar verda. Eg elskar figurane. Og om eg kunne kome på ei historie som var like bra eller betre enn den første, så hadde eg gjort det på eit sekund. Eg har delar av ting eg ville elske å ha hatt i ein oppfølgjar, men eg har ikkje fått alt på plass enno.

– Oppfølgjarar er ikkje ein del av businessplanen hjå Pixar. Det handlar om filmskaparar som har lyst til å gå stader.

Cars 3 og The Incredibles 2 vil kome først etter 2015. Dei komande åra planlegg Pixar Nemo-oppfølgjaren Finding Dory, Inside Out – om fem kjensler som kranglar inni hovudet til ei jente – og familiefilmen The Good Dinosaur.

Brad Bird må på si side gjere seg ferdig med sci-fi-filmen Tomorrowland, som òg skal kome ut i 2015.

Les også: Hollywood fyller kinoane til randen i 2015

Kva Pixar-prosjekt synest du høyrest mest spennande ut?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.