Comic-Con i San Diego er verdas største samling av folk med interesse for teikneseriar, superheltar og anna nerdekultur. Her møter popkulturelle fans i ordets rette tyding – fanatiske tilhengjarar som blåser i om dei blir tvinna rundt veslefingeren så lenge dei får sitt daglege skot med nerdeglede.

Det er her dei fleste som veit å «utnytte» denne gruppa vel å legge fram sine nyaste trailerar, videosnuttar og sjølvsagt fortelje kvar og når det kan kjøpast for pengar. Har du ikkje sett trailerane under kan du i dei rette miljøa ansjåast å ha levd under ein stein!

Kva synest du var mest spennande på årets Comic-Con? Sleng inn ein video i kommentarfeltet!

Veronica Mars

«You even said you’d pay for it». TV-serien som kom til ein alt for brå slutt i 2007 har folkefinansiert ein film gjennom Kickstarter, og den unge privatdetektiven returnerer til kinoskjermen tidleg i 2014.

Les også: Veronica Mars samla inn 2 millionar dollar på 10 timar

Riddick

Vin Diesel har kjempa lenge for å stable ein oppfølgjar til Pitch Black og The Chronicles of Riddick på beina, og i 2014 kjem Riddick på kinolerretet. Det er tydeleg at han er glad i karakteren som oppstod i 2000, og det er tydeleg at det ikkje vert mindre klaustrofobisk og hardtslåande i oppfølgjaren.

Les også: Spiller Vin Diesel i «Avengers: Age of Ultron»?

Hunger Games: Catching Fire

Oppfølgjaren til Hunger Games tek opp tråden der den første slutta, og visar Katniss Everdeen sitt liv etter hennar første siger – noko som neppe kan omtalast som roleg og stille. Filmen får norsk premiere den 22. november i år.

Melding: The Hunger Games: – Jennifer Lawrence er en perfekt heltinne!

Enders Game

Harrison Ford er motiverande sjølv når han snakkar om hardfør romkrig. Filmen Enders Game har skapt mykje oppstyr den siste tida etter at forfattaren av boka filmen er basert på, Orson Scott Card, igjen har gått aktivt ut mot homofilt ekteskap i amerikanske medier. Fleire fans meiner difor at filmen bør boikottast.

The Walking Dead, sesong 4

«Let’s do it». Zombiekampen er ikkje over, noko AMC tydeleg viser i den spenningsfylte traileren til sesong 4. Med lovnadar om retur for gamle skurkar, heltedådar frå nye figurar og ikkje minst eit lite glimt av Macon – heimstaden til hovudrolla i dei flotte Telltale-spela frå serien – er det nok framleis mange godsaker å sjå fram til.

Almost Human

Ein J.J. Abrams-produsert TV-serie med Karl Urban i hovudrolla som traumatisert politimann, og hans nestenmenneskelege etterforskingspartnar. Eg skal ærleg innrømme at det aller, aller første eg tenkte på var TV-serien Mac & C.H.E.E.S.E. frå Friends, men dette ser jo litt lovande ut.

Les også: Abrams vil lage Half-Life og Portal-filmar

Believe

J.J. Abrams har òg ei hand med i spelet på Believe, endå ein TV-serie om folk med spesielle evner og folka som jakter på dei. Det spesielle her er Alfonso Cuarón (Children of Men) som har regissert piloten, og viser fram sitt signaturtrekk – lange, flytande filmtakningar.

Les også: J.J. Abrams skal regissere de nye Star Wars-filmane

Banshee

Andresesong av Banshee kjem til TV-skjermen over nyttår, og det ser ikkje ut til at småbyen som ber seriens namn får færre problem å hanskast med i framtida.

Melding: Banshee S01 E01-E02: – Ingen grunn til å heie på deg, herr hovudrolle

Firefly Online mobil-MMO?

Ikkje alle kan vere like heldige. Fox forsøker å fri til Firefly-publikummet dei ein gong mista med ein teasertrailer for eit mobil-fleirspelarspel i universet til TV-serien. Teasertrailer til trass, dette verkar ikkje veldig lovande – nesten litt billeg.

Les også: «Firefly» på topp 5: sci-fi-TV-seriar

What happens at Comic-Con stays at Comic-Con

Comic-Con er òg kjend for at nokre trailerar faktisk forblir på innsida av San Diego Convention Center.

Dermed har ikkje dei store massane fått sett trailerar for Thor: Dark World, Captain America: The Winter Soldier, Robocop, World of Warcraft, Godzilla eller andre sesong av Arrow enno. Me må nok òg vente litt til på nye glimt av Doctor Who, I, Frankenstein eller Guardians of the Galaxy – trass at dei alle var synlege til skuelystne fans si glede.

Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over

Comic-Con 2013: Supermann møter Batman i ny storfilm

Kva trailerar frå Comic-Con 2013 likte du best?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.