Les mer: Fotball-legender eksklusivt til Ultimate Team på Xbox One og Xbox 360
Les mer: «Fable Legends» avduka på Gamescom
Les mer: Oppfølgjarbonanza frå EA på Gamescom – med eitt heiderleg unntak
Les mer: Playstation 4 til Noreg den 29. november

Gamescom: Enkelt og greitt, verdas største spelmesse. 275 000 besøkjande, 600 framvisarar, og over 5000 journalistar – i år stiller Marte Hedenstad og Martin Aas frå Filmpolitiet – til byen Köln i Tyskland. Frå 20. til 25. august vert messeområdet eit blikk inn det spelselskapa og -distributørane har på planen det komande året.

I dag skal Microsoft, Sony og EA vise fram storkanonane sine med pressekonferansar – både offentlege og for presse. Nintendo vil, som dei ofte har gjort den siste tida, vise fram sitt nyaste i eigne forum.

– Eg er mest spent på å sjå kva Microsoft vil tilby den europeiske marknaden, seier Marte Hedenstad før avreise.

Årets Gamescom-messe. (Foto: Martin Aas/NRK)
Årets Gamescom-messe. (Foto: Martin Aas/NRK)

Les også: Mange heilomvendingar frå Microsoft sidan E3

Microsoft har mest å bevise

– Fleire av tenestene Microsoft har annonsert at dei vil tilby på Xbox One er mynta på den amerikanske marknaden, og mange lurar på kva tenester dei europeiske spelarane kan forvente seg. Det må Microsoft vise på pressekonferansa på tysdag.

Ho meiner at Microsoft er nøydd til å vise fram spennande planar etter snublinga under E3 tidlegare i år, spesielt med tanke på at dei nyleg utsette lanseringa for konsollen sin til fleire europeiske land – deriblant Noreg – til 2014. Nintendos Wii U har òg slite sidan lanseringa i fjor haust, og bør vise fram noko spesielt i løpet av den komande veka.

– Wii U er avhengig av gode speltitlar for å overkome det dårlege salet, og det er òg dette Nintendo har sagt at dei skal satse på framover. Difor er eg veldig spent på å ta ein nærare kikk på det dei har annonsert, og håper at dei vil vise fram noko nytt.

Erling Ellingsen viser frem The Secret World. (Foto: NRK / Alexander Fredriksen)
Erling Ellingsen viser frem The Secret World. (Foto: NRK / Alexander Fredriksen)

Les også: Wii selger bedre enn Wii U

LEGO-leik frå norsk selskap

Blant norske innslag på messa er norske Funcom. Dei har tidlegare vist fram blant anna Conan og The Secret World på messa, men i år er hovudfokuset deira det komande LEGO-spelet.

Planane er endå eit MMO – fleirspelarspel på nettet med store univers å boltre seg i – men hittil har dei haldt korta tett til brystet.

– Dette vert første gongen me viser fram LEGO-spelet. Me har ikkje arbeidd med det så altfor lenge, rundt eitt år, men me veit at det kjem til å imponere, seier Erling Ellingsen, kommunikasjonsdirektør i Funcom sjølvsikkert.

– Det er gøy å samarbeide med Lego – me er norske og dei er danske, så det klikkar bra. Det er spennande å bli kjend med Lego-universet og korleis dei vil fremje den kulturen. Det vert lagt mykje arbeid frå deira side i måten det vert vist fram på. Veldig spennande!

Legos førre MMO-satsing vart eit stort tapsprosjekt. (Foto: Lego)
Legos førre MMO-satsing vart eit stort tapsprosjekt. (Foto: Lego)

Les også: Funcom lager Lego-onlinespel

Håp om meir enn ei «Minecraft»-klone

Spel av denne typen er i vinden, spesielt etter den sterke, unge interessa for spel som Skylanders, og for så vidt, Minecraft. Disney Infinity er eit anna i same bane, med kjende og kjære Disney-figurar, som dukkar opp i løpet av veka.

Kor vidt Ellingsen har rett er vel opp til publikum og anmeldarane å døme.

– Blir det kun ei World of Warcraft-etterlikning der karakterane er legofigurar. Eller har dei laga noko meir spennande der Legoklossane faktisk vert brukt, i motsetning til fleire andre Lego-utgivingar, undrar Marte.

– Eg vil gjerne byggje noko. Om Funcom let oss gjere det, utan at det vert for likt Minecraft, trur eg det kan bli bra.

De som beveger verden: Minecraft-skaparane på Times liste over mest innflytelsesrike

Gjennom veka vil Filmpolitiet legge fram intervju og anna snacks frå spelverdas stormesse. Sjå fram til nytt frå blant anna Funcom, men òg ei rekkje andre spelselskap. Førstemann ut er Microsoft, ved lunsjtider i dag.

Kva håper du vert vist fram den komande veka?