Det kan sjå ut som romutforskingspel er siste skrik for tida. I oktober dukka Wing Commander-skaparen Chris Roberts opp frå eit tiår i dvale med planane om Star Citizen, og no er David Braben – ein av skaparane bak dei tonesetjande Elite-spela frå 80-talet – ute med ein kampanje om å folkefinansiere ein oppfølgjar, Elite: Dangerous.

I går omtalte eg Chris Roberts som romskipsspelets gudfar, nettopp fordi eg ser på Braben, Bell og selskapet Frontier Developments som sjangerens «foresatte». Men motivasjonen for Elite: Dangerous verkar å vere litt annleis enn Roberts.

Skjermskot av det første «Elite»-spelet. (Foto: Frontier Developments)
Skjermskot av «Elite». (Foto: Frontier Developments)

I Kickstarter-kampanja skriv Braben at det førre spelet tok mindre plass enn ein e-post gjer i dag, nettopp fordi dei tynte eksisterande ressursar for å skape mest mogeleg.

Les også: Kickstarter: Får spillerene til å punge ut

Siste skrik i spelverda

Desse større prosjekta kjem i kjølvatnet av ein stor bolk med romutforskingsspel i mindre skala på Kickstarter og liknande sider, med både FTL, Drifter, Star Ruler og Minecraft-skaparen Notch sitt pågåande prosjekt 0x10C som gode eksempel på ulike måtar å angripe verdsrommet på.

Mastodonten har lenge vore onlinespillet EVE, som kanskje først og fremst er mest kjend for å vere eit ekstremt nådelaust for nye spelarar.

For meg, som kom til litt for seint til å ha nytt Elite, men som har kost meg storveges med spel som Freelancer og Freespace 2 (og Star Wars-smuglarhistorier og Firefly) er dette ei utvikling eg gler meg over. Eg tek halvpolerte romutforskingsspel over heilpolerte moderne skytefestar når som helst!

Med denne nyheita ventar eg meg no enno fleire spel som skamlaust utnyttar nostalgien og utforskartrongen som spelarar har til verdsrommet!

Logo for «Elite: Dangerous» (Foto: Frontier Developments)
Logo for «Elite: Dangerous» (Foto: Frontier Developments)

Les også: Topp 5-liste: Beste romskip

Datagenerert innhald

I likskap med dei gamle spela vil Braben gjere Elite: Dangerous såkalla «procedurally generated». Med andre ord kjem ikkje heile universet til å vere handlaga ned til minste detalj, men i staden dataskapt ut frå eit mengd programmerte reglar.

På 80-talet gjorde den same tankegangen til at dei fekk plass til 8 galaksar med innhald på 22 kilobyte. Omtrent like mykje som ein ganske innhaldsrik Wikipedia-artikkel i dag.

På same måte som før vil det òg vere stor fokus på handel og fridom i universet. Vil du vere ein soldat i det rettferdiges namn, eller ein pirat på dei sju stjernetåker? Vel sjølv.

Motivasjonen for folkefinansiering er den etter kvart velkjende Kickstarter-klisjeen, at den «konvensjonelle distributør-ruta» med fysiske spel i butikk neppe er vegen for eit, trass alt, såpass smalt spel som dette. Elite: Dangerous har tenkt utgivelsesdato i 2014.

— Dette reduserer budsjettet betrakteleg – noko som gjer det tilgjengeleg for ei Kickstarter-kampanje, skriv Braben.

Les også: Carmageddon blir gjenopplevd

Målet til Frontier Development er å samle inn 1,25 millionar britiske pund, litt over 11 millionar kroner.

Ikkje heilt utenkjeleg, med tanke på at Project Eternity, av folka bak blant anna Knights of the Old Republic-spela, åleine samla inn nesten 23 millionar kroner i løpet av hausten.

NASAs Marslanding fekk meg til å prøve den vesle (veldig sjarmerande) romskipssimulatoren Kerbal Space Program. Kanskje er det nysatsing på utforsking – i kombinasjon med nostalgikarar med pengar og lett tilgjengelege Kickstarter-kampanjar – som har gitt romskipa ny blest i spelverda?

Kva trur du om romsimulatorens tilbakekomst?