Arnold Schwarzenegger har rukke å bli 66 år gammal, men ein skulle ikkje tru det på aktiviteten hans dei siste åra. Etter å ha trekt seg attende frå politikken har han igjen blitt ein aktiv skodespelar, på sitt heilt eige vis.

Ein av filmane som ligg fram i tid er Terminator: Genesis (arbeidstittel) i 2015, den femte i rekkja. I eit intervju med Collider lovar Schwarzenegger at filmen skal vere meir som film nummer to i serien, av mange omtalt som den beste Terminator-filmen:

– Når ein les manuset, har det den same kjensla som Terminator 2. Det er stort. Det er hardcore action og nokre veldig flotte visuelle effektar, men ikkje over toppen. Det er ikkje som ein Thor-film, sjølv om det er same regissør. Det er gode spesialeffektar, og akkurat nok til å seie ‘Wow, kvar kom det frå? Korleis gjorde dei det?’.

Arnold Schwarzenegger. (Foto: AFP PHOTO/Brendan SMIALOWSKI)
Arnold Schwarzenegger i 2014 er ein distingvert, men aktiv herremann. (Foto: AFP PHOTO/Brendan SMIALOWSKI)

Les også: Ny «Terminator»-trilogi frå 2015

Det har ikkje blitt offisielt annonsert at det er Alan Taylor (Thor: The Dark World) som skal regissere Genesis, men det har vore ein dårleg skjult hemmelegheit. Med Schwarzeneggers fråsegn er det vel no ganske sikkert.

Filmen er meint å vere den første i rekkja av ein ny trilogi basert på universet som først starta med James Camerons film frå 1984.

Cameron har ikkje filmrettane lenger, men vil få dei attende i 2019 om merkevara ikkje vert oppdatert – som nok er ein av motivasjonane bak oppstarten.

Les også: Schwarzenegger ville først ikkje vere Terminator

Returnerer også som Conan og i «Twins»-oppfølgjar

Saman med Schwarzenegger i rolla som seg sjølv Terminator, skal Emilia Clarke (Game of Thrones) spele Sarah Connor, Jai Courtney (Jack Reacher) skal spele Kyle Reese og Jason Clarke (Zero Dark Thirty) skal spele John Connor.

For tida vert det òg arbeidd på ein ny Conan-film, ein oppfølgjar til Twins, og diverse anna – alt med Schwarzenegger i hovudrolla. Han meiner det er sjeldan at skodespelarar vert henta att til dei store rollene mange tiår etterpå, noko han meiner kjem av sin gode fysikk:

Emilia Clarke spiller den jomfruelige Daenerys Targaryen i Game of Thrones. (Foto: HBO).
Emilia Clarke er best kjend som Daenerys i «Game of Thrones», men tek over som Sarah Connor i dei nye «Terminator»-filmane. (Foto: HBO).

– Eg synest det er så vilt å ha ei franchise som har vore i gang så lenge, og så etter 30 år, å bli spurt igjen om å vere den einaste figuren i ein film som er den same figuren som før. Det er uhøyrd i filmhistoria.

Anmelding: The Terminator: – Bekrefter klassikerstatusen

Schwarzeneggers neste film er Sabotage (kjem 9. mai til Noreg), ein hardbarka actionthriller med vår austerrikske helt i rolla som ein endå meir hardbarka narkotikaagent.

Det vert dog berre småplukk samanlikna med Arnolds sosiale medier-strategi, som blant anna går ut på å filme at han køyrer over ting. Med sin personlege tanks. Til eit veldedig formål. Åh, Arnold!

Bør Schwarzenegger spele meir Terminator, eller halde seg til å knuse ting med tanks?