Me er verkeleg i Schwarzeneggers andre tidsalder. Filmen som lenge har vore kjend utad som Terminator 5 er no offisielt starten på ein ny trilogi om tidsreisande drapsrobotar, melder Indiewire. Den første filmen har alt fått amerikansk premieredato den 26. juni 2015.

Terminator, som filmen heiter inntil vidare, er skriven av Laeta Kalogridis (Shutter Island) og Patrick Lussier (Drive Angry). Filmen produserast av syskenparet Megan og David Ellison (True Grit).

Terminator Salvation. (Foto: The Halcyon Company)
Terminator Salvation. (Foto: The Halcyon Company)

Med på actionen er òg Arnold Schwarzenegger, som bekrefta sin atterkomst (eg kjem ikkje til å ta ein «I’ll be back»-vits her) til serien i januar.

Les også: Schwarzenegger bekrefter Terminator-comeback

Lag den før Cameron får den!

Allereie i 2009, to år før Terminator: Salvation, vart det kjend at det skulle bli laga ein femte film i serien. Sidan det har den vore gjennom minst to regissørar og eit par ulike produksjonsselskap, og det er enno ikkje kjend kven som skal regissere den endelege filmen.

James Cameron som regisserte dei to første (og dei einaste verkeleg gode) Terminator-filmane, er ikkje med på prosjektet. Han er likevel ein del av Paramounts motivasjon for å lage filmane. På grunn av amerikansk rettigheitslovgivning vil nemleg Cameron få eigarskap til Terminator i 2019, 35 år etter den første kom i 1984.

James Cameron og Sam Worthington under innspillingen av Avatar. (Foto: 20th Century Fox)
James Cameron og Sam Worthington under innspillingen av Avatar. (Foto: 20th Century Fox)

Cameron har uttalt at han ikkje lagar filmar frå andre sine manus lenger, og at han i Avatar-universet kan lage alle filmane han ynskjer å skape. Avatar 2 og 3, og kanskje 4, er venta å kome dei neste åra.

Les også: Cameron: – Jeg lager Avatar 2, 3 og kanskje 4

2015 blir eit blockbusterår

Dermed ser 2015 allereie ut som eit fullstappa år for blockbusterfilmar med blant anna Terminator, Independence Day 2, den norsk-regisserte Pirates of the Caribbean 5, Jurassic Park 4, Avengers 2, Star Wars Episode VII, og mest sannsynlegvis Man of Steel 2.

Om ventetida på meir Arnold vert for lang, så dukkar han opp igjen på kino i desember – og då saman med Sylvester Stallone og Vinnie Jones. I natt dukka den første traileren for Escape Plan opp, og det ser knappast ut som om 80-talsveteranane har blitt noko eldre (eller?).

Les også: Topp 5: Arnold-one-liners

Kven bør regissere den nye Terminator-trilogien?